Ole-Johan Dahl

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Ole-Johan Dahl (12. oktober 193129. juni 2002), fødd i Mandal, vart i 1968 den første professoren i informatikk i Noreg. Han er internasjonalt kjend som ein pioneer innan objektorientert utvikling.

Ole-Johan Dahl avtente verneplikta ved Forsvarets Forskingsinstitutt frå 1952 under Jan Garwick. Cand.real.-avhandlinga hans frå 1957 var om høgnivå programmering for FREDERIC. Deretter arbeidde Dahl ved Norsk Regnesentral frå 1962. Han utvikla saman med Kristen Nygaard verdas første objektorienterte programmeringsspråk, Simula i 1965. Dette blei lansert internasjonalt i 1967. Objektorientering blir rekna som ei av dei verkeleg store nyvinningane i informatikken si historie. Simula danna grunnlaget for moderne språk som C++ og Java.

Ole-Johan Dahl blei professor i numerisk analyse ved Universitetet i Oslo i 1968. Han underviste mellom anna i kurs om verifisérbar programmering for å forbetre kvaliteten på dataprogram og redusere omfanget av programmeringsfeil. Han var vidare involvert i forsking og rettleiing for å automatisere bevisføring av program. Han skreiv også lærebøker.

Dahl var også ein av dei drivande kreftene for å bygge opp Institutt for Informatikk ved Universitetet i Oslo, der han arbeidde til 31. desember 1999.

Utmerkingar[endre | endre wikiteksten]

Bøker og artikler[endre | endre wikiteksten]

  • Discrete event simulation languages, Academic Press, 1968.
  • Structured Programming, med C. A. R. Hoare og Edsger Dijkstra, Academic Press, 1972
  • Verifiable Programming, Prentice-Hall, 1992
  • Simula: an ALGOL-based simulation language (med Nygaard), i Communications of the ACM, 9(1966).
  • Class and subclass declarations (med Nygaard). I IFIP konferanse om simuleringsspråk, Oslo, mai 1967

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • From Object-Orientation to Formal Methods: Essays in Memory of Ole-Johan Dahl, Olaf Owe, Stein Krogdahl og Tom Lyche (red.), Springer Verlag, 2004.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.