Mandal

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Mandal
stad
Øvrebyen - panoramio.jpg
Land Flag of Norway.svg Noreg
Fylke Agder
Kommune Lindesnes
Areal 6,37 km²
Folketal 10 851 (2017)
Folketettleik 1 703 / km²
Innbyggjarnamn mandalitt
Preposisjon i Mandal
Map
Mandal
58°1′38″ N 7°26′56″ E
Wikimedia Commons: Mandal

Mandal er ein by og administrasjonssenteret i Lindesnes kommune i Agder fylke. Byen ligg på begge sidene av munningen av Mandalselva og har 10 851 innbyggjarar per 1. januar 2017.

Mandal sentrum er ein typisk sørlandsby med mange kvitmåla trehus. Den eldste delen av byen ligg i vest og nord. Då industrien utvida seg i 1950- og 1960-åra vart det kraftig utbygging i dei vestlege områda Vestnes, Grøngjelet, Ulvegjelet og Oksevollen. I 1970-åra vart også store område på Skjebstad og Skinsnes–Ime aust for Mandalselva bygd ut. Vidare vart Frøysland og Østre Skogsfjord bygd ut i 1980-åra.[1]

I sentrum står Mandal kyrkje, den største trekyrkja i Noreg. I 2012 vart Buen kulturhus opna, ein kulturbygning med mellom anna bibliotek, kinosalar, kunstgalleri og kulturskole. I 2014 opna Amfi kjøpesenter med eiga bryggje i Mandal.[2]

Bilde frå Mandal[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Mandal». Store norske leksikon. 6. juni 2017. Henta 20. januar 2018. 
  2. «Mandal får kjøpesenter med egen brygge». NRK. 17. november 2014. Henta 20. januar 2018. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]