Ole Bjørn Sundgot

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ole Bjørn Sundgot
Fødd 21. mars 1972 (50 år)
Ålesund
Yrke fotballspelar, fotballtrenar

Ole Bjørn Sundgot (fødd 21. mars 1972) er ein tidlegare norsk fotballspelar og fotballtrenar. Han spelte i Molde fotballklubb i 1991, 92, 93, 95, 96, 98 og 99. Frå 2001 til 2004 spelte han i FC Lyn Oslo. Sundgot blei brukt som høgreback etter at han kom til Lyn. Seinare kom han seg på plass i angrepet igjen og var Lyn sin toppskårar i serien i bronsesesongen 2002. Han har vore trenar for Hønefoss Ballklubb i 1. divisjon. Som spelar var han innom klubbane Hødd, Oldham, Bradford City, Molde og Lyn.

Han er bror til Arild Sundgot, og son til Otto Sundgot.