Ole Selnæs

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Ole Kristian Selnæs (fødd 7. juli 1994) er ein norsk fotballspelar frå Trondheim som sidan februar 2019 er aktiv i den kinesiske klubben Shenzhen FK. Han er midtbanespelar med størst ansvar for det defensive.

Selnæs var Rosenborg-spelar i tida 2012-15. Han vart i 2015 både seriemeister og noregsmeister med klubben frå heimbyen. Frå 2016 til januar 2018 gjorde han teneste i den franske klubben AS Saint-Étienne.

Selnæs fekk sin landslagsdebut i mars 2016 og har sidan den gongen delteke i 25 landskampar, i nesten halvparten av dei som innbyttar. Han har skåra 2 landslagsmål, han vart matchvinnar då Noreg slo Slovenia 1-0 på heimebane 13. oktober 2018.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]