Olga Romasko

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Olga Romasko
Fødd 18. april 1968
Borodino
Yrke skiskyttar

Olga Vladimirovna Romasko[a] (fødd 18. april 1968) er ein russisk tidlegare skiskyttar frå Borodino. Ho vart verdsmeister på 7,5 km både under VM 1996 og 1997. I 1997 fekk ho i tillegg sølvmedalje på jaktstarten og bronsemedalje på stafetten. Også under Vinter-OL 1998 i Nagano vann ho sølv med stafettlaget til Russland.

Romasko var så godt som ukjend for skiskyttarpublikum då ho vann 7,5 km under VM i skiskyting 1996 i Ruhpolding. Med ti treff slo ho sølvmedaljevinnaren, norske Ann Elen Skjelbreid, med ti sekundar. Under VM i skiskyting 1997 i slovakiske Osrblie imponerte Romasko stort på 7,5 km då ho, trass i ein strafferunde, slo nummer to med over 40 sekundar og forvarte VM-tittelen på 7,5 km. Ho fylgde opp med å verte nummer to på den påfylgjande jaktstarten. Både under VM 1997 og OL 1998 gjekk ho ankeretappen for Russland, fyrst til bronse og i OL til sølv. I sitt siste verdsmeisterskap, 1999 i Oslo, kom ho i mål til sjuandeplass på 20 km.

Merknadar[endre | endre wikiteksten]

  1. Russisk skrift Ольга Владимировна Ромасько

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Sportsboken, aktuelle årgangar