Olle Laessker

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jump to navigation Jump to search
Olle Laessker
Olle Laessker2.jpg
Fødd 2. april 1922
Død

19. september 1992

Olle Laessker på Commons

Olle Laessker (2. april 192219. september 1992) var ein svensk friidrettsutøvar som var medlem av Jönköpings AIF og seinare Gävle SGF.

Laessker var aktiv frå 1942 til 1947. Han vart svensk meister i lengdehopp både i 1946 og 1947. Den 18. juli 1946 sette han svensk rekord med eit hopp på 7,50 meter.

Under EM i friidrett 1946Bislett stadion i Oslo vann Laessker lengdetevlinga med sine 7,42 meter, to centimeter framom sveitsaren Lucien Graff. Dagen etter, den 25. august, vann det svenske mannskapet 4 x 100 meter stafett på tida 41,5 sekundar, fem tidels sekund framfor Frankrike. Det svenske vinnarlaget bestod av Stig Danielsson, Inge Nilsson, Olle Laessker og Stig Håkansson; Laessker vart dermed den einaste mannlege utøvaren som tok to gull i meisterskapen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]