Olofsborg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Olofsborg
Foto: Matti Mattila, 1989

Olofsborg (finsk Olavinlinna) er ei mellomalderfestning i Nyslott i Finland. Ho ligg på ei lita øy i Kyrönsalmi-sundet mellom innsjøane Haukivesi og Pihlajavesi, og er omgjeven av strie straumar.

Den eldste framstillinga av borga, frå Olaus Magnus sitt historieverk frå 1555. Ved sida av festninga er det teikna mytologiske figurar som nøkken og svarte fiskar som etter soga skulle symja i straumane rundt øya.

Festninga blei bygd på 1400-talet. Ho er den nordlegaste mellomalderfestninga av stein som framleis står.

Olofsborg blei restaurert på 1970-talet i eit prosjekt som var ferdig i 1975. Olofsborg er kjend for sin årlege internasjonale operafestival om sommaren.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Olavinlinna (14. februar 2009), Store norske leksikon. Fri artikkel henta 22. februar 2014.

Koordinatar: 61°51′50″N 028°54′04″E

Spire Denne arkitekturartikkelen som har med historie og Finland å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.