Festning

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Festninga Mehrangarh i Jodhpur (Rajasthan i India)

Festning (også kalla borg, fort og skanse) er militære konstruksjonar og bygningar for forsvar i krig. Menneske har bygd defensive konstruksjonar i mange tusen år og i ulike komplekse utgåver. Festninga sørgjer for å utnytte terrenget og omgjevnadene på ein måte slik at forsvararen betre får utnytta våpen og soldatar. Omgrepet kjem frå latin, fortis, «sterk» og facere, «å lage».

Festningsverk vert ofte delt inn i to grupper, nemleg permanente festningsverk og feltfestningar. Permanente festningsverk blir vanlegvis bygd i fredstid når staten har større ressursar og er som regel kraftige bygningsverk i stein eller betong. Feltfestningar er mellombelse stillingar som vert bygd av styrkar under krig og med forgjengeleg material, som tømmer. Det er og ein mellomkategori som kan kallast semipermanente festningsverk og vert bygd i krig for å verne eit område betre, og har tid og ressursar til det.

Festningar var særleg viktige i mellomalderen. Dei vart utdaterte når kanonane kom i det 14. hundreår. Festningsverk i stål og betong fekk ein renessanse i det 19. hundreår, men utviklinga i moderne krigføring sidan den første verdskrigen har i hovudsak gjort festningar overflødige. Djupe underjordiske bunkarar kan framleis gje noko vern i moderne krig. Mange historiske festningsverk har i moderne tid blitt store turistattraksjonar.

Teknisk oppbygging[endre | endre wikiteksten]

Festningar er ofte plassert på dominerande punkt i terrenget. Terrenget og dei naturlege hinder er forbetra med steinmurar, pallisadar eller jordvollar som dannar den ytre grensa for hovudfestninga. Desse skal gjere det vanskelegare for fienden å angripe. Terrenget utanfor den ytste muren eller vollgrava vert kalla glasi. Glasien vart som regel planert slik at forsvararane uhindra kunne skyte på fienden.

Grunnplanen til de fleste festningar opp til og inkludert mellomalderen var oftast enkle. Dei bestod av ein enkel geometrisk form. To hovudsystem fanst, bastionsystemet og tenaljesystemet.

Bastionsystemet[endre | endre wikiteksten]

Ein rund bastion

I bastionsystemet er festninga ein kvadrat, femkant eller åttekant. Uregelmessige femkantar stikk ut frå hovudomrisset. Desse heiter bastionar, og er plassert der det er tenleg, ofte i brytningspunkta. Mellom bastionane går forbindelsesmurar kalla kurtiner. Frå bastionane kunne kanoner bestryke (skyte) langsetter kurtinene.

Kurtinmurane kunne enten vere rette eller cremaillert, altså gå i sikk-sakk. Nokon gonger sprang lågare forsvarsverk, kalla kaponiar, ut frå muren mot vollgrava (eskarpen).

Tenaljesystemet[endre | endre wikiteksten]

I tenaljesystemet er omrisset stjerneforma. Spissane som vender utover vert kalla tenaljer.

Snitt gjennom festningsverket[endre | endre wikiteksten]

Det nederlandske systemet har ingen murar, men to graver, der den eine er ei vassgrav. I midten av denne finst ei fordjuping kalla kynetten.

Snitt festning nederlandsk system.svg

Det italienske systemet

Snitt festning italiensk system.svg
Nøkkel til teikningane over
AB Vollgata HI Ytre vollskråning
BC Indre skråning i vollgata IK Eskarpemur
CD Vollgangen KL Vollgravbotnen
EF Bankett for kanonar LM Kontraeskarpemur
FG Brystvernet MN Dekt veg
GH Brystvernskrone OP Glasi

Historie og utvikling[endre | endre wikiteksten]

Vest-Europa[endre | endre wikiteksten]

Eit forenkla, ideelt lagt ut castrum: (1)Principia (2)Via Praetoria (3)Via Principalis (4)Porta Principalis Dextra (5)Porta Praetoria (hovudport) (6)Porta Principalis Sinistra (7)Porta Decumana (bakport)
Bilete av Krak de Chevaliers der ein tydeleg ser mellomrommet mellom dei to murane.
Inngangen til ein bunker i Maginotlinja.

I Vest-Europa starta utviklinga av festningsverk med republikken Roma. Romarane laga sin enkle castra, eit rektangel i mur med rette hjørnetårn og halvrunde tårn, kalla rondellar, i kurtinane. Etter Romarrikets fall går utviklinga vidare i Austromarriket. Her kom vindebrua, fallgitter, og utkragande tårn med krenelering og skyteskår. Utviklinga gjekk fram inntil Bysants i 1453 blei erobra av tyrkarane.

Da maurarane begynte erobringa av Spania i 711, overtok dei dei gamle romerske castrum. Deira leiarar flytta inn i desse. Perioden mellom 700 og 1200 vart høgdepunktet i festningsbygginga. I perioden fram til 1492 blei det i Spania reist 3 000 festningar og 10 000 erobra stader. Også i Frankrike er det stor byggeaktivitet.

Eit typisk trekk er eit stort og kraftig forsvarstårn, kalla donjon, som blei plassert i sentralt i festninga. Wilhelm Erobraren tok med seg skikken til England . Han begynte i 1078 med White Tower i London og Windsor Castle. Denne konstruksjonen er eigentleg ei vidareføring av motte-and-bailey hos normannarane, eit enkelt festningsverk som var lett å setje opp. Det bestod av eit område med ei grøft rundt og ei oppkasta høgd inni. På toppen av høgda låg gjerne eit trekastell. Seinare vart det vanleg å byggje i mur.

Frå 1277, då Edvard I erobra Wales, gjekk byggjeteknikken framover. det vart bygd for forsvar i djupna, med den eine muren på utsida av den andre. Det vart òg bygd sjølvstendige portbygningar som kan fungere også etter at hovudfestninga er fallen. Eit eksempel er Harlech Castle med sine to rondellar på kvar side av ein lang passasje som inngang.

Frå krosstoga mellom 1096 og 1291 fekk ein i Vesten også nye impulsar til kunsten å byggje festningar. Dei første festningane åt krossfararane var enkle rektangel, men seinare vart dei meir utvikla. Eit trekk var også å flytte donjonen, som opphavleg var inst, ut i den ytste muren. Den kunne da også fungere meir offensivt. Krak de Chevaliers i Syria er eit eksempel på seinare store anlegg med konsentriske murer.

Då krutvåpen kom i allmenn bruk rundt 1350 blei karakteren i festningane endra for alvor. Krutvåpna var til å begynne med ikkje så imponerande, men raske forbetringar, slik som at steinkuler blei bytta ut med jernkuler, påverka festningskonstruksjonen. Høge tårn var lite motstandsdyktige mot krutartilleri, og blei erstatta av lågare utbygg, kalla bastionar. Desse gav også betre plass enn tårna for kanonar. Festningane måtte derimot ikkje vere for låge, for da mista ein oversikt over terrenget rundt. For å skjule festninga og gjere ho meir motstandsdyktig så bygde ein opp terrenget rundt, glasien, mot murane.

I Italia voks også den nye generasjonen festningar fram. Og frå Italia tok konstruktørane med seg bastionfestninga til England, Frankrike og Nederland, då dei reiste dit for å arbeide. Allereie rundt 1500 vart Castel Sant Angelo i Roma bygd ut med bastionar. Yarmouth Castle stod ferdig i 1546 og Antwerpens Citadel stod klart i 1568. Desse dannar mønster, og rundt 1600 kom trendane også til Noreg, med utanlandske ingeniørar og arkitektar.

I Nederland blei også den nye teknikken forbetra. Motivasjonen var den nederlandske frigjeringskampen som gjekk føre seg mot dei spanske habsburgarane. Rike nederlandske borgarar hadde råd til å setje opp festningar med jordvoller. Desse låg langs angrepsaksane ved kanalar og elver i landet.

Det blei også skriven bøker om det nye fagfeltet. I 1587 gav Daniel Speckle frå Strassbourg ut verket Architectura von Vestungen kor han skildra åtte system for å byggje festningar. Ingeniøren Fransesco di Marchi frå Italia gav i 1599 ut eit verk kalla Architecttura Militare. I dette kan ein sjå avviklinga av runde tårn.

Mot slutten av 1500-talet kom det som vart kalla den nederlandske skolen. Maurits av Nassau, prins av Oranien hadde stor påverknad på utviklinga. Kjenneteiknet er breie og låge festningar, noko som var grunna av at Nederland er flatt land kor ein ikkje trong høge festningsmurar for å ha godt utsyn.

Den mest kjente festningsbyggjaren var Sebastian Vauban (1633–1707) frå Frankrike. Han hadde ansvaret for å byggje 33 festningar, og å setje i stand 300. Arbeidet hans var vellukka. Eit kjenneteikn for festningane hans var ein dobbelt ring av kanalar eller vollgraver rundt festningane han skipa. Slik blei ikkje festninga nødvendigvis tatt sjølv om den ytre ringen av bastionar fall.

Andre kjente festningsbyggjarar var svensken Erik Dahlbergh (1625–1703), nederlendarane Menno can Ceohoorn (1641–1704) og René de Montalembert (1714–1780). Sistnemnte er kjent for publikasjonen La fortification perpendiculaire frå 1766, kor han innførte tårn med kasematter og plasserte kanonane i fleire høgder og tettare saman. Ideane til Montalembert var i bruk i Europa til langt ut på 1800-talet.

På 1800-talet kom også det prøyssiske systemet. Kjenneteiknet her var ein gel på bastionar. Dei blei erstatta av kapionarar, små separate tårn som hadde skyteskår som kunne gje eld mot vollgrava og veggane. Byane som tok systemet i bruk oppretta ei sagtakka linje med vollar. Köln og Mainz nytta dette systemet. Paris hadde også eit slikt festningsverk, men i krigen i 1870–71 kom ho ikkje til nytte.

Ei rekkje forbetringar gjorde store omveltingar i festningskunsten. Rundt 1850 kom baklademekanismen for kanonar, og rundt 1870 så kom sprenggranatane. Samtidig byrja ein å utvikle teknikkar for indirekte eld, altså kor skytaren ikkje trong å sjå målet frå standplassen. Alt dette bidrog til det franske nederlaget ved Paris.

Maskingevær og annan teknologi førte ein periode til at forsvaret blei uforholdsmessig kraftigare enn angrepet, noko som leidde til skyttargravskrigen under den første verdskrigen. Stridsvognene kom på banen, men fekk ikkje vist sitt fulle potensiale under krigen. Dette leidde til ei større interesse for linjeforsvaret, noko som blant anna førte til konstruksjon av den svært kostbare franske Maginotlinja. Ho blei raskt omgått og erobra i 1940. Same skjebne leid den antatt kraftige belgiske festninga Eben Emael. Ho blei tatt av fåmente glidefly som sette ned 87 soldatar på taket av festninga.

Etter dette hadde festningar to roller. Den eine var politisk, for å markere statens interesser eller overmakt i eit område. Den andre rolla var som kystfestningar, som var relativt vanlege fram til presisjonsvåpen gjorde slike festningar umoderne på 1980-talet.

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Kavli, Guthorm: Norges festninger, Universitetsforlaget 1987, ISBN 82-00-18430-7
  • Grüner, Hans Jacob: Beretninger om Norges Befæstninger, 1902