Hopp til innhald

Omajademoskeen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Omajademoskeen i Aleppo.
Omayyademoskeen

Omajademoskeen eller Den store moskeen i Damaskus er ein moské som stod ferdig i 715. Han er ein av dei største og eldste moskeane i verda, og er rekna blant dei heilagaste bygningane i islam. I moskeen finst grava til sultanen Saladin og relikviar av Johannes døyparen.

Moskeen blei reist av omajadeherskarar etter at dei grunnla kalifatet sitt med hovudsete i Damaskus. Omajademoskeen er bygd på staden der det tidlegare stod ei kristen Johanneskyrkje, reist av keisar Theodosius og sonen hans på 300-talet. Kyrkja igjen blei bygd på tomta etter eit gammalt tempel til Jupiter og før det den semittiske guden Hadad.

I 2003 blei Omajademoskeen og området rundt renovert. 15. mars 2011 blei moskeen åstad for den første større protesten mot Assad-regimet i Syria då 40-50 vitjande ropte demokrati-slagord utanfor moskeområdet.[1]

«Damaskus» i Store norske leksikon, snl.no.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Omajademoskeen