Omajademoskeen i Aleppo
Utsjånad
Den store moskeen eller Omajademoskeen i Aleppo er den største og eldste moskeen i Aleppo i Syria. Han ligg i gamlebyen i Aleppo som er ført inn på UNESCO si liste over verdsarv.
Omajademoskeen blei først bygd tidleg på 700-talet. Den noverande bygningen blei reist frå 1000- til 1300-talet. Minareten stod ferdig i 1090. I oktober 2012 blei Omajademoskeen råka under kamphandlingar i den syriske borgarkrigen. Under nye kamphandlingar i april 2013 blei minareten frå 1090 råka av ein granat og rasert.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Great Mosque of Aleppo» frå Wikipedia på engelsk, den 26. april 2013.
- Ancient City of Aleppo, unesco.org
- Kristian Aanensen, «– Dette er som å sprenge Taj Mahal og ødelegge Akropolis», nrk.no (25.04.2013)
- Richard Spencer, «Syria: 11th-century minaret of Great Umayyad Mosque of Aleppo destroyed», The Daily Telegraph (24 Apr 2013)