Granat

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Granat i geologi. For frukta, sjå granateple.
Granatar frå første verdskrigen.
M107-prosjektil – moderne 155 mm høgeksplosiv granat.

Granat (frå latin granatus, 'kornete') er ei metallhylse eller eit prosjektil som kan innehalda sprengstoff eller eit anna kjemisk stoff og typisk blir brukte i strid. Ein handgranat blir kasta for hand medan andre granatar kan skytast med artilleri eller gevær.

Sprenggranatar kan brukast til å sprenga sund eller opna daude mål. Sprengstykke inni dei kan skada eller drepa levande mål. Ein minegranat er ein granat som er meint å ha mineverknad, med stor sprenglading og forsinkelsesbrannrøyr slik at han kan trenga ned i jorddekningar og liknande før detonasjonen. Ein pansergranat skal slå gjennom panser på stridsvogner, festningar, krigsskip og andre motstandsdyktige mål. Desse kan ha lita eller inga sprenglading eller vera underkalibrerte, det vil seia at granaten har ei hard kjerne som etter skotløysing blir skild frå resten av granaten og fortset med stor hastigheit og dermed stor gjennomslagskraft mot målet.

Granatar med andre typar innhald er til dømes gassgranat, lysgranat, røykgranat og branngranat.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne militærartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.