Omónia i Lemesós

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Omónia
bydel
Land  Kypros
Distrikt Lemesós
By Lemesós
Folketal 3 839[1]  (2011)
Kart
Omónia i Lemesós
34°40′10″N 33°01′06″E / 34.66945307°N 33.01831539°E / 34.66945307; 33.01831539
Bydelen Omónia i Lemesós
Bydelen Omónia i Lemesós
Bydelen Omónia i Lemesós
Wikimedia Commons: Omonoia (Limassol)

Omónia (gresk Ομόνοια) er ein bydel i Lemesós (Limassol) på Kypros. Bydelen ligg i nærleiken av Lemesós hamn, ei av de største kommersielle hamnene i Middelhavet, kjend på Kypros som ein heim for intens kommersiell skipsfart.

Plassering[endre | endre wikiteksten]

Kart over Omónia

I vest grensar Omónia til Ájos Spyrídonas, i sør til Tsiflikoúdia, i aust til Ájos Ioánnis og i nord til Apóstolos Andréas. I nærleiken ligg den nye hamna i Limassol.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Før 1960 var Omónia-området ei stor slette, der det berre var nokre få gardshus. I 1938–39, under det britiske styret, vart det bygd ein flyplass i området. Flyplassen vart driven av britane og vart rekna som nødvendig på grunn av andre verdskrigen som eit vern mot den tyske marinen og luftvåpenet, både for Kypros og for leirane som allierte styrkar hadde sett opp i Palestina og Egypt.[2][3]

Rullebanen starta frå Omónia-området og heldt fram inn i Ájos Spyrídonas-området. Landområdet, som vart beslaglagt av britane, tilhøyrde gresk-kypriotiske grunneigarar. Etter krigen heldt flyplassen fram å operera i fleire år, men i 1947–48 vart han forlaten og landet vart returnert til eigarane.[2][3]

På 1960-talet byrja ei utbygging av området, noko som resulterte i skipinga av bydelane Ájos Spyrídonas og Omónia. Rullebanen vart likevel ikkje fjerna og vart brukt i nokre år som øvingsstad for sjåførar under opplæring, og området blei framleis ofte omtalt som «flyplassen».[2][3]

Folkesetnad[endre | endre wikiteksten]

I følgje folketeljingane på Kypros har folkesetnaden i Omónia auka med åra.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Folketeljing Kypros 2011» (på engelsk). CYSTAT. Arkivert frå originalen 17. september 2023. Henta 17. september 2023. 
  2. 2,0 2,1 2,2 Nettavisa offcite.cy "Λεμεσιανοί Το Γνωρίζατε; - Αυτό ήταν το άγνωστο αεροδρόμιο της Λεμεσού - Λειτούργησε τον Β' Παγκόσμιο Πόλεμο" (Dette var den ukjende flyplassen i Lemesós)]
  3. 3,0 3,1 3,2 Avisa Lemesos "Η Λεμεσός είχε αεροδρόμιο, ξεκινούσε από την Ομονοίας και είχε δίαυλο στην Μίλτωνος στο Ζακάκι" (Lemesós hadde flyplass)