One Direction

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
One Direction

Alias1D
OpphavStorbritannia og Irland
Aktiv2010–i dag
SjangerDansepop, poprock, powerpop og teenpop
PlateselskapSyco Music og Columbia Records
MedlemmerNiall Horan
Liam Payne
Harry Styles
Louis Tomlinson
Tidlegare medlemmerZayn Malik
PrisarMTV Europe Music Award for Best UK & Ireland Act, MTV Europe Music Award for Best New Act, MTV Europe Music Award for Biggest Fans, MTV Video Music Award for Best New Artist, MTV Video Music Award for Best Pop Video, American Music Award for Favorite Pop/Rock Band/Duo/Group, MTV Europe Music Award for Best UK & Ireland Act, MTV Europe Music Award for Best Pop, American Music Award for Favorite Pop/Rock Album, People's Choice Award for Favorite Band, American Music Award for Artist of the Year, Billboard 21 Under 21

One Direction er ei britisk-irsk gutegruppe, sett saman av Niall Horan, Liam Payne, Harry Styles og Louis Tomlinson. Zayn Malik var med før han forlet bandet i mars 2015. One Direction vart til då dei fem gutane vart sett saman til gruppe under The X Factor 2010.

Gruppa enda på tredjeplass i tevlinga. Etter suksessen i The X Factor 2010 fekk dei platekontrakt med Syco Music, plateselskapet til Simon Cowell. Debutsingelen «What Makes You Beautiful» vart gjeven ut 11. september 2011 og gjekk til fyrsteplass på UK Singles Chart. Gruppa har gitt ut fem album, Up All Night (2011), Take Me Home (2012), Midnight Memories (2013), Four (2014) og Made in the A.M. (2015), som alle har toppa hitlister rundt om i verda.

I laupet av karriera har dei mellom anna vunne seks Brit Awards, fire MTV Video Music Awards, elleve MTV Europe Music Awards, sju American Music Awards og nitten Teen Choice Awards. Gruppa har vore i Noreg to gongar: Under Take Me Home-turneen i 2013 og On the Road Again-turneen i 2015. For tida har gruppa ein pause som byrja i januar 2016, og er venta å vare i om lag 18 månader.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]


Spire Denne musikkartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.