One Morning in May
«One Morning in May» (Roud 140, Laws P14) er ei engelsk folkevise som har vorte samla inn frå tradisjonelle songarar i England og USA og har òg vorte spelt inn av revy-songarar. Gjennom bruk av tvitydig tekst, i alle fall i dei engelske versjonane, fortel ho om eit møte mellom ein grenader (eller soldat) og ei dame.[1]
Tekstane har vorte spora til slutten av det 17. eller byrjinga av det 18. hundreåret. Det finst ei rekkje tekstvariantar, og songen har mange titlar. Dei vanlegaste i Roud-indeksen er «The Nightingale», «The Bold Grenadier» og «One Morning in May», i den rekkjefølgja.[1][2][3]
Historie
[endre | endre wikiteksten]Publiserte versjonar
[endre | endre wikiteksten]«The Souldier (sic) and His Knapsack», registrert hos Stationers Company i 1639 kan vera denne songen, men som Steve Roud og Julia Childs påpeikar «soldatar og ryggsekker er ein ganske vanleg kombinasjon».[2] Den tidlegaste kjende teksten er ein skillingstrykk-ballade med tittelen «The nightingale's song: or The soldier's rare musick, and maid's recreation» gjeven ut mellom 1689 og 1709 av W. Onley frå London, i Bodleian Ballad Collection.[4] Denne teksten har ein from moral på slutten som både seinare utgivarar og tradisjonelle songarar har utelate.[5][6]
New Penguin Book of English Folk Songs har ein versjon med tittelen «Water Rattle» sunge av Arthur Howard i 1981 og spelt inn av Ian Russell.[2].
Teksten dukka opp i 1927 i The American Songbag av Carl Sandburg,[7] etter å ha kome gjennom Gilbert Raynolds Combs.[7][8] Desse tekstane er brukte av Bill Keith og Jim Rooney, av James Taylor i 1972 på albumet hans One Man Dog, og av The Country Gentlemen på deira album med same namn frå 1973.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «One Morning in May (folk song)» frå Wikipedia på engelsk, den 7. april 2023.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ 1,0 1,1 Rould Folk Song Index at the Vaughan Williams Memorial Library: https://www.vwml.org/search/search-roud-indexes Henta 7. april 2023
- ↑ 2,0 2,1 2,2 Roud, S, and Bishop, J; The New Penguin Book of English Folk Songs; London, 2012 s442
- ↑ «Many Versions of The Nightingale or The Grenadier (Soldier) and the Lady». www.stolaf.edu. Henta 7. april 2023.
- ↑ Bodleian Ballad Collection. Henta 7. april 2023
- ↑ Bodleian Ballad Collection http://ballads.bodleian.ox.ac.uk/static/images/sheets/20000/15342.gif Henta 7. april 2023
- ↑ Bodleian Ballad Collection http://ballads.bodleian.ox.ac.uk/static/images/sheets/05000/01347.gif Henta 7. april 2023
- ↑ 7,0 7,1 «Full text of "The American Songbag"». archive.org. Henta 7. april 2023.
- ↑ «Guide to the G.R. Combs Ballad Collection». community.berea.edu. Henta 7. april 2023.