One of My Turns

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
One of My Turns
Singel av Pink Floyd
frå albumet The Wall
A-side

Another Brick in the Wall Part II

Språk engelsk
Utgjeve 30. november 1979
Innspelt April-november 1979
Sjanger Progressiv rock
Lengd 3:35
Selskap Harvest Records (UK), Columbia Records (US)/Capitol Records (US)
Komponist Roger Waters
Tekstforfattar Roger Waters
Låtskrivar(ar) Roger Waters
Produsent Bob Ezrin, David Gilmour, James Guthrie og Roger Waters
Pink Floyd-kronologi 
«Have a Cigar»
(1975)
One of My Turns «Run Like Hell»
(1980)


One of My Turns er ein song av det britiske bandet Pink Floyd laga av Roger Waters. Songen vart gjeve ut på albumet deira The Wall i 1979 og som b-side på singelen «Another Brick in the Wall (Part 2)».

Komposisjon[endre | endre wikiteksten]

Songen er delt inn i tre ulike delar. Ein oppdelt dialog, eit roleg parti med vokal, og eit meir bråkete parti med vokal.

Tekst[endre | endre wikiteksten]

Som med dei andre songane på The Wall fortel «One of My Turns» ein del av historia om hovudpersonen Pink. Pink inviterer ein kvinneleg tilhengjar til rommet sitt etter han har fått vite om kona sitt andre forhold. Først prøver kvinna å få kontakt med han, men han er for opptatt med å tenkje på kona til å høyre kva kvinna seier. Då kvinna held fram med å prøve og få kontakt med han, eksploderer Pink, vert valdeleg og raserer rommet.

Filmversjon[endre | endre wikiteksten]

Pink slepp inn ein kvinneleg tilhengjar på hotellrommet sitt. Etter at ho prøver å forføre Pink, vert han svært sint og raserer hotellrommet, og kuttar seg i handa då han kastar eit TV-apparat ut vindauget.

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

med:

Personell per Fitch og Mahon.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Fitch, Vernon and Mahon, Richard, Comfortably Numb — A History of The Wall 1978–1981, 2006, p.86