Have a Cigar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Have a Cigar
Singel av Pink Floyd med Roy Harper
frå albumet Wish You Were Here
B-side
Språk engelsk
Utgjeve 15. november 1975
Innspelt Januar til juli 1975
Studio Abbey Road, London
Sjanger
Lengd
    • 5:08
    • 4:24 (edit)
Selskap
Tekstforfattar Roger Waters
Låtskrivar(ar) Roger Waters
Produsent Pink Floyd
Pink Floyd-kronologi 
«Us and Them»
(1973)
Have a Cigar «Another Brick in the Wall (Part 2)»
(1979)


«Have a Cigar» er ein song av det britiske bandet Pink Floyd frå albumet deira Wish You Were Here frå 1975.

Komposisjon[endre | endre wikiteksten]

Som «Welcome to the Machine», er både melodi og tekst skrive av Roger Waters, og er ein skarp kritikk av det Waters ser på som ein hyklersk og grådig musikkindustri. Musikken er i seg sjølv meir streit rock enn resten av albumet, og byrjar med eit gitarriff av David Gilmour i lag med ein bassgitar. Etter kvart kjem ein ekstra gitar inn i lag med elektrisk piano og synthesizer.

Klimakset i songen er ein skarp gitarsolo, før songen brått forsvinn inn i eit tinnaktig og radioliknande lydbilete. Enkelte meiner at dette representerer at musikken vert omforma til eit verdilaust massemarknadprodukt. Det siste som skjer i songen er ein lydeffekt der det høyrest ut som om nokon skiftar radiokanal, og songen hoppar rett over i neste spor, «Wish You Were Here».

Vokalen vert sunge av Roy Harper. Waters hadde slite på stemma si under innspelinga av «Shine on You Crazy Diamond», og kom ikkje opp på dei høge tonane. Gilmour var motvillig til å synge den ubehagelege teksten, og sidan Harper var i nabostudioet og spelte inn plata HQ, tilbaud han seg å hjelpe dei. Waters har seinare sagt at han håpte resten av bandet ikkje ville gå med på å la Harper synge songen i staden for han sjølv, men vart overraska over at alle syns det var ein glimrande ide.[4]

Tekstlinja «Oh by the way, which one's Pink?» var faktisk eit spørsmål bandet fekk i starten av karrieren då dei møtte leiaren i eit plateselskap på midten av 1960-talet.

Konsertutgåver[endre | endre wikiteksten]

Songen vart først spelt på den nordamerikanske turnéen i 1975, mellom dei to halvdelane av «Shine on You Crazy Diamond» med Waters og Gilmour på vokal. Songen vart òg spelt på 1977-turnéen, og då var det Roger Waters på vokal, medan Snowy White spela gitarsoloen.

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

med:

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1975) Plassering
US Cash Box Looking Ahead [5] 119
US Record World Singles Chart 101–150 [5] 126

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

Både Primus og Foo Fighters har spela denne songen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Have A Cigar» (B-side single record label). Pink Floyd. US: Columbia Records. 1975. 3-10248 – via Discogs. 
  2. «Have A Cigar» (B-side single record label). Pink Floyd. Italy: Harvest Records. 1976. 3C 006-97357 – via Discogs. 
  3. «Have A Cigar» (B-side single record label). Pink Floyd. France: Harvest Records. 1976. 2C 010-97.357 – via Discogs. 
  4. http://www.pinkfloydfan.net/t2032-have-a-cigar-3.html
  5. 5,0 5,1 Whitburn, Joel (2015). The Comparison Book. Menonomee Falls, Wisconsin: Record Research Inc. s. 393. ISBN 978-0-89820-213-7.