Onyx River

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Koordinatar: 77°31′60″ S 161°34′1″ E
Onyx River
elv
Lake Vanda with Onyx River.jpg
Onyx River flyt ut i Lake Vanda
Land Proposed flag of Antarctica (Graham Bartram).svg Antarktis
Stad Victoria Land
 - koordinatar 77°31′60″ S 161°34′1″ E
Lengd 40 km
Administrert under Antarktistraktaten
Onyx River is located in Antarktis
Onyx River (Antarktis)
Wikimedia Commons: Onyx River

Onyx River er ei periodisk elv av smeltevatn som flyt vestover gjennom Wright Valley frå Nedre Wrightbreen og Lake Brownworth ved foten av isbreen til Lake Vanda. Elva flyt nokre få månader under den antarktiske sommaren.

Onyx River er ei av mange som vert studert av United States Antarctic Program av National Science Foundation. Elva flyt bort frå havet sidan Wrightbreen blokkerer innløpet til dalen. Ho er den lengste elva i Antarktis, med ei lengd på 40 km. Ho har fleire sideelvar og det er sett ut fleire vêrstasjonar langs heile elva. Vassnivået i elva er særs varierande, både i løpet av døgnet og året, og somme år tørkar elva inn før ho i det heile når innsjøen. Dei åra vassføringa er stor kan ho derimot føre til stor erosjon og ho vart rafta i 1984 av forskarar frå New Zealand. Det er ikkje noko fisk i Onyx River, men det finst mikroskopisk liv og algeveksten kan vere ganske omfattande. Antarktis New Zealand har halde ein delvis permanent leir ved Lake Vanda som har vore nedlagt dei siste åra. I dag er det ei lita hytte ved austenden av Lake Vanda.

Kart over Wright Valley med Onyx River og Lake Vanda


Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • "Antarctic’s longest river», s 16, og «What the flood revealed», s, 15–21, Antarctic Sun, 26. januar 2003