Opdalingen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Opdalingen er ei lokalavis som blir gitt ut på Oppdal i Trøndelag. Avisa kjem ut kvar tysdag, torsdag og laurdag. Ho vart grunnlagt og eigd av Knut H. Dørum, som var den første redaktøren, og forretningsføraren Ivar Fjøsne i 1934. Redaktørstillinga vart ikkje heiltidsstilling før i 1984, då Ove Karlsvik vart tilsett.

Fjøsnes sin bror Melchior Fjøsne tok over hans eigardel og oppgåver i 1937. I 1967 selde Melchior Fjøsne sin eigardel til Martin Iversen på AksidenstrykkerietSunndalsøra for 15 000 kroner. I 1972 kjøpte Iversen den andre eigardelen av Knut H. Dørum for same pris.

Norsk Arbeiderpresse kom inn som eigarar i 1977, gjennom Aura Avis i Sunndal. Opdalingen er seinare blitt skilt ut som eit eige selskap i A-pressen.

Avisa kom ut som vekeavis i starten, frå hausten 1937 endra avisa namnet til Nordmøringen og kom ut måndag og torsdag. I 1938 var Opdalingen tilbake og begge avisene fortsette til 1942 då dei la ned.

Opdalingen vart starta igjen i 1946 som torsdagsavis. Frå 1947 kom avisa ut tysdag og fredag men berre for ein kort periode. Fram til 1967 vart avisa omtalt som «Torsdagsflaket». Frå då av forsøkte ein seg på nytt med tysdag og fredags-utgåver men heller ikkje denne gongen vart forsøket langvarig. Ein prøvde seg med to utgåver nok ein gong i 1971 og denne gongen gjekk det bra. Frå 1986 kom avisa ut måndag, onsdag og fredag. I 2000 vart måndagsavisa erstatta med ei tysdagsavis, og i 2002 vart onsdagsavisa flytt til torsdag for å møte konkurransen frå avisa OPP.

Opdalingen hadde ein særs svak periode rundt 1970-71. Avisa kunne vera heilt utan eige redaksjonelt stoff. Avisa vart fylt opp av pressemeldingar, anna innsendt materiale og artiklar henta frå andre aviser. I 1972 vart avisa Driva i Sunndal starta med Einar Sæter som redaktør. Driva definerte Oppdal som sitt dekkingsområde, og hadde frå 1973 ein medarbeidar på Oppdal. Konkurransen førte til at Opdalingen vart rusta opp og fekk ein fast tilsett medarbeidar. Trykkerieigar Olav Snøfugl starta Oppdal og Rennebu Avis i 1980, men la ned alt året etter. Adresseavisen oppretta eige lokalkontor på Oppdal i 2001.

Opdalingen er i ein sjeldsynt norsk posisjon, sidan 2002 har avisa fått konkurranse frå den nye oppdalsavisa OPP. Opplaget har falle med nærare 500 eksemplar etter at OPP etablerte seg.

Andre aviser i oppdalsføret[endre | endre wikiteksten]

Redaktørar[endre | endre wikiteksten]

Opplagstal[endre | endre wikiteksten]

Utvikling i nettoopplag.[1]

År Nettoopplag
2000 3 150
2001 3 064
2002 3 100
2003 3 019
2004 2 840
2005 2 759
2006 2 643
2007 2 655
2008 2 577
2009 2 522
2010 2 404
2014 2 117

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Lars Gisnås: Hundre år i Oppdal. Oppdal, 2004
  • OPP 15. mars 2007

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Mediebedriftenes Landsforening Opplag- og lesartal. Nettoopplaget er eit mål for betalt opplag.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]