Operativsystemet Haiku
| Operativsystemet Haiku | |||
| | |||
| | |||
| Utviklar(ar) | Haiku Inc., Michael Phipps | ||
|---|---|---|---|
| Utgjeve | 2002 | ||
| Nyaste versjon | R1/beta5 (13. september 2024)[1] | ||
| Plattform | x86-arkitektur, x86_64, RISC-V | ||
| Skrevet i | C++ | ||
| Bygger på | BeOS | ||
| Lisens | MIT-lisensen | ||
| Nettstad | https://www.haiku-os.org | ||
Haiku er eit fritt operativsystem.
Målet med Haiku er å skapa ein klon av operativsystemet BeOS. Haiku vil vera både binærkompatibelt og kjeldekodekompatibelt med BeOS. Dette vil seie at program kompilert for BeOS vil kunna køyre på Haiku i tillegg til at BeOS-program skal kunna kompilerast på Haiku utan endringar. Bakgrunnen for denne kompatibiliteten er å sikre eit så stort programvarebibliotek som mogeleg for Haiku.
Prosjektet vart oppretta i 2001 etter at Be stansa all utvikling av BeOS og selde all kjeldekode og rettar til Palm.
Haiku heitte tidlegare OpenBeOS, men bytte namn i 2004. Namnebytet kom for å unngå søksmål frå Palm, som eig retten til varemerket BeOS. Det noverande namnet kjem frå den japanske poesiforma haiku. Namnet vart valt etter ei avrøysting; noko av bakgrunnen for namnevalet var at nettlesaren til BeOS presenterte feilmeldingar som haikudikt.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «Haiku R1/beta5 has been released!» (på engelsk). 13. september 2024. Henta 13. september 2024.