Orden i matematikk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Orden i matematikk er eit omgrep som vert nytta innan mange område av matematikken for å klassifisere. Døme er

  • Ordenen til ei gruppe er mengda element i gruppa.
  • Ordenen til ei kurve er graden til likninga som skildrar ho, til dømes er kjeglesnitt kurver av andre orden.
  • Ordenen til ein determinant er mengda linjer eller kolonnar i determinanten.
  • Ei differensiallikning vert sagt å vere av n-te orden viss yn, det vil sei den n-te deriverte av den ukjende funksjonen y, er den høgaste deriverte av y i differensiallikninga.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]