Ordenstal
Utsjånad
Ordenstal skildrar nummer i ei rekkje, og kan derfor òg nemnast som rekkjetal.[1]
Fyrste eller første er ordenstalet som viser til nummer éin i ei rekkje. I nynorsk blir første følgt av andre, medan bokmål har alternativet annen i tillegg til andre. Deretter følgjer tredje, fjerde, femte osb.
Ordenstal skrive med tal må ha eit punktum etter seg på norsk.[2]
Døme: 4. juli, 18. mai, 51. bataljon
Ordenstala er adjektiv, til skilnad frå grunntala, som er determinativ. Jf:
- Den fine / første / andre boka (adjektiv)
- Nokre / to / fjorten / ingen bøker (determinativ)
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «rekkjetal» i Nynorskordboka.
- ↑ «Punktum», Språkrådet (på norsk), henta 14. mars 2019
- Språkrådet [daud lenkje]
- Faarlund, Jan Terje, Svein Lie og Kjell Ivar Vannebo 1995: Norsk referansegrammatikk