Ordulf av Sachsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ordulf av Sachsen (1022-72)

Ordulf av Sachsen(10221072) òg kalla Otto, var hertug av Saschen

Ordulf høyrde til huset Billung. Han var son til hertug Bernhard II av Sachsen og Eilica av Schweinfurt. Ordulf etterfølgde faren som hertug i 1059 og regenttida hans vart prega av striden mot sorbarane.

I 1042 vart Ordulf gift med Ulvhild, dotter til Olav II Haraldson (Heilag-Olav) og dei fekk sonen Magnus av Sachsen (1045–1106).

Magnus fekk mange etterkommarar i tyske og andre europeiske adelshus, blant dei sidan fyrstehuset Oldenburg, og gjennom Magnus av Sachsen og mor hans, Ulvhild Olavsdotter, kan det noverande norske kongehuset rekne ættefedrar attende til kongane frå sagatida.

Ordulf vart seinare (1071) gift med Gertrud av Haldesleben (d. 1116), dotter av grev Konrad, enkje etter grev Fredrik av Formbach i 1071. Dei fekk sonen Bernhard av Sachsen (fødd ca. 1072).

Kjelder:[endre | endre wikiteksten]