Sachsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Freistaat Sachsen
Geografisk plassering

Delstat i Tyskland

Hovudstad Dresden
Flatevidd

 - Rangering i Tyskland

18 416 km²

10.

Folketal (2006)

 - Rangering i Tyskland
 - Folketettleik

4 250 131

6.
231/km²

Grunnlagd 1918 (Fristaten Sachsen)
Offisielle språk Tysk, òg sorbisk i enkelte krinsar
Ministerpresident Stanislaw Tillich (CDU)
Nettstad www.sachsen.de
Våpen
Våpen

Fristaten Sachsen (tysk: Freistaat Sachsen, sorbisk: Swobodny Stata Sakska) er ein tysk delstat. Hovudstaden er Dresden, arealet er 18 416 km² og folketalet 4 250 131 (2006). Sachsen ligg nord for det tsjekkiske landskapet Böhmen og grensar til den polske delen av Nedre Schlesien, til Bayern, Thüringen, Sachsen-Anhalt og Brandenburg. Sachsen har ein meir enn tusenårig historie som hertugdømme, kurfyrstedømme og kongerike. I 1918 vart Kongeriket Sachsen omdanna til Fristaten Sachsen. Fristaten vart oppløyst under kommunisttida da den hamna i DDR. Han vart gjenoppretta i 1990 innanfor hovudsakleg dei same grensene som før.

Spire Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.