Orelva

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Or
elv
Land Flag of Russia.svg Russland, Flag of Kazakhstan.svg Kasakhstan
Nedslagsfelt 18 600 km²
Lengd 332 km
Middelvassføring 21 /s
Munning Ural

Or (russisk Орь) er ei elv i Orenburg oblast i Russland og Aktobe oblast i Kasakhstan og ei av sideelvane til Ural frå venstre. Elva er 332 km lang og har eit nedslagsfelt på 18 600 km².

Elva oppstår der elvane Sjijli og Terisbutak renn saman. Desse har utspring på vestsida av Mugodzjarhøgdene. Or munnar ut i Ural ved byen Orsk. Mesteparten av vassføringa er frå snøsmelting. Middelvassføringen 61 km frå munningen er 21,3 m³/sek. Vårflaumen varer frå april til midten av mai. Resten av året er vassføringa særs låg. Elva frys til i andre halvdel av oktober, og er islagt til månadsskiftet mars/april. Elva vert nytta til irrigasjon og vassforsyning.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]