Hopp til innhald

Orsk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Orsk
Орск
by
Flagg
Våpenskjold
Land  Russland
Føderasjonssubjekt Orenburg oblast
Høgd 200 m
Areal 621,33 km²
Folketal 185 362 (1. januar 2025)
Grunnlagd 1735
   Bystatus 1865
Postnummer 462400–462455
Retningsnummer (+7) 3537
Kart
Orsk
51°13′44″N 58°28′05″E / 51.229°N 58.4681°E / 51.229; 58.4681
Wikimedia Commons: Orsk

Orsk (russisk Орск) er ein by i Orenburg oblast i Russland. Den ligg ved elva Ural, heilt sør i Uralfjella. Byen har om lag 185 000 innbyggjarar.

Orsk vart grunnlagt under den russiske koloniseringa av Sør-Ural. Den første busetnaden vart grunnlagt av ein ekspedisjon leia av Ivan Kirillov, som ei festning ved Preobrazjenskajafjellet på venstre breidd av elva Jaik (som i dag heiter Ural). Festninga Orsk, som opphavleg heitte Orenburg, gjorde elva Ural til grenselinje for den russiske staten. I 1739 vart namnet på festninga offisielt endra til Orsk.

I 1861 vart festninga nedlagt og vart ein stasjon under Orenburg-kosakkane sin arme. I 1865 fekk Orsk bystatus og vart sentrum for Orenburg-regionen.

Byen voks dramatisk frå og med 1870-talet. Folkesetnaden var hovudsakleg sysselsett innan handel med kveg og korn, vidareforedling av jordbruksprodukt og forskjellige kunstformer og handverk. Mange kvinner var involvert i veving av dei kjende Orenburgsjala. Innan 1913 var folkesetnaden i Orsk på over 21 000. Under den russiske borgarkrigen, frå 1918 til 1919, motstod Orsk ein tre månader lang blokkade og hamna fire gonger på forskjellig side under kamphandlingane.

På 1930-talet starta bygginga av store industrielle verksemder som utnytta dei rike mineralførekomstane i regionen.

Orsk er det viktigaste industrisenteret i Orenburg oblast. Dei viktigaste industriane er metallurgi, maskinbygging, oljeforedling, næringsmiddel- og lettindustri. Dei viktigaste verksemdene er Juzjuralnikel, Orsknefteorgsintez og Juzjuralmasjzavod.

    Bakgrunnsstoff

    [endre | endre wikiteksten]
    Commons har multimedium som gjeld: Orsk