Hopp til innhald

Orhei

Orhei
Monument over voivoden Vasile Lupu i Orhei
Monument over voivoden Vasile Lupu i Orhei
Monument over voivoden Vasile Lupu i Orhei
Flagget til Orhei Kommunevåpenet til Orhei
Flagg Kommunevåpen
Land
Distrikt
Moldova
Hîncești
Borgarmeister Ion Șarban
Flatevidd 16,52 km²
Innbyggjarar
  Kommune (2014)

21 065[1]
Koordinatar 47°23′N 28°49′E / 47.383°N 28.817°E / 47.383; 28.817
Høgd 68 m
Tidssone UTC+2 (UTC)
Nettstad: http://www.orhei-md.info
Orhei is located in Moldova
Plasseringa til Orhei i Moldova

Orhei (russisk Оргеев, Orgejev) er ein by og ein mindre bykommune (oraș) innanfor distriktet Orhei i Moldova og hovudsete i distriktet. Byen med vel 20 000 innbyggjarar ligg om lag midt i landet, om lag 50 km nord for hovudstaden Chișinău. I 2016 fekk Orhei status som municipiu, men utan å bli rekna på distriktsnivå.[2][3]

Orhei har fått namnet sitt frå Orhei Vechi, eit aktivt kloster nær landsbyen Ivancea. Orhei var heimstad for mange jødar før den andre verdskrigen og har i dag ein stor jødisk gravplass. I dag er det berre ei aktiv synagoge att. Dei fleste andre kyrkjene er russisk-ortodokse.

Kommunen har den eine busetnaden. For 2014 er det ikkje offentleggjort detaljerte resultat for busetnadene.

Folketal 2004[4]Folketal 2014[1]
Orhei25 641
Kommunen Orhei25 64121 065

Referansar

[endre | endre wikiteksten]