Moldova

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Republica Moldova

(norsk: Moldova, moldovsk)

Det moldovske flagget Det moldovske riksvåpenet
Flagg Riksvåpen
Nasjonalsong «Limba noastră»
Motto Ikkje noko
Geografisk plassering av Moldova
Offisielle språk Moldovsk (rumensk) (+ russisk i Transnistria og Gagauzia, ukrainsk i Transnistria, gagausisk i Gagauzia)
Hovudstad Chisinau
Styresett
Republikk
Maia Sandu
Dorin Recean
Flatevidd
 – Totalt
 – Andel vatn
 
33 851 km² (137.)
1,4 %
Folketal
 – Estimert (2017)
 – Tettleik
 
3 474 121 (131.)
102,6 /km² (76.)
Sjølvstende
Frå Sovjetunionen
27. august 1991
Nasjonaldag 27. august
BNP
 – Totalt (2015)
 – Per innbyggjar
 
17 400 mill. USD (145.)
5 100 USD (141.)
Valuta Leu
Tidssone UTC +2
Telefonkode +373
Toppnivådomene .md


Moldova (rumensk Republica Moldova) er ein republikk i Aust-Europa som grensar til Romania i vest og Ukraina i nord, aust og sør. Landet er eit parlamentarisk demokrati med ein president som statsoverhovud og ein statsminister som leiar av regjeringa. Det offisielle språket i landet er moldovsk,[1] som er særs likt rumensk. 11 % av innbyggjarane har russisk som morsmål.[2]

Det meste av Moldova var ein del av det historiske fyrstedømet Moldavia og vart annektert frå Det osmanske riket av Det russiske keisardømet i 1812, som ein del av Bessarabia. Då Det russiske riket vart oppløyst i 1918 vart Bessarabia ein del av Stor-Romania. I 1940 okkuperte Sovjetunionen Bessarabia og Nord-Bukovina og etter den andre verdskrigen vart desse områda delt mellom Ukrainsk SSR og Moldovisk SSR. Moldovisk SSR erklærte sjølvstende frå Sovjetunionen 27. august 1991, og endra så namn til Republikken Moldova. Russiske styrkar har likevel vore att på moldovske område, i utbrytarregionen Transnistria, som før 1940 var ein del av Ukrainsk SSR, trass i at Russland har signert internasjonale forpliktingar om å trekke seg ut.[3].

Moldova er medlem av Dei sameinte nasjonane, WTO, OSCE, GUAM, Samveldet av sjølvstendige statar, BSEC og andre internasjonale organisasjonar. Moldova har offisielt vore eit nøytralt land sidan sjølvstendet og tidlegare eit medlemsland i det NATO-styrte Partnership for Peace. Moldova prøver for tida å få medlemskap i EU.[4].

Geografi[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå moldovsk geografi.
Kart over Moldova

Det meste av landet ligg mellom dei to elvane Dnestr og Prut. Moldova har eit rikt jordsmonn og temperert kontinentalklima som har gjort landet til eit av dei mest produktive jordbruksområda i regionen.

Den vestlege grensa er danna av elva Prut, som munnar ut i Donau som renn vidare mot Svartehavet. I nordaust er Dnestr den største elva og ho renn frå nord til sør og dannar grensa mellom Transnistria og Bessarabia, resten av Moldova.

Landet har inga kystlinje, sjølv om det ligg særs nær Svartehavet. Dei nordlege områda er åslendt med høgder opp til 430 meter over havet ved det høgaste punktet, Dealul Bălăneşti. I sør dominerer Den pontisk-kaspiske steppa. Hovudstaden Chişinău, ligg sentralt i landet. Andre store byar er Tiraspol (i Transnistria), Bălţi og Tighina.

Klima[endre | endre wikiteksten]

Vintrane er kalde i Moldova, og ein kan ha episodar med ekstremt kaldt vêr når austavinden bles frå Sibir. Vinteren er likevel kortare enn i Ukraina og Romania, og smeltinga om våren kjem tidlegare. Somrane har derimot fine temperaturar, og temperaturane held seg vanlegvis mellom 25 og 30 °C frå juni til august. Landet er derimot ganske så tørt, og Chisinau har ein årleg nedbørsnormal på berre 539 mm.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]