Orientalisme

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
'Harembasseng' måla av Jean-Léon Gérôme ca. 1876. Fantasibilde av orientalske harem var eit uttrykk for orientalismen.

Orientalisme viste opphavleg til studiet av Orienten, ein region med varierande geografisk avgrensing, men ofte tenkt til Midtausten og Asia. Omgrepet var den vanlege nemninga på vitskaplege studiar av såkalla orientalske eller austlege kulturar, utført på særleg 1800-talet og i tida fram mot 1940. Studiet omfatta både språk, kultur, folk og samfunn.

Med avviklinga av dei europeiske kolonistyra kom omgrepet meir og meir i vanry, særleg gjennom kritikken frå litteraturhistorikaren Edward Said. Han innverknadsrike bok Orientalism (1978, på norsk Orientalismen, 1994), gav omgrepet ei negativ og kritisk tyding. Said argumentet med at «Orienten» var ein vestleg konstruksjon eller førestilling om ein orientalsk essens produsert av akademikarar, men spreidd til heile samfunnet. Orientalisme kom til uttrykk som stereotypiar i framstillinga av asiatiske kulturar i vestleg kunst og litteratur, og i den allmenne oppfatninga av asiatar som vesensforskjellige frå vestlege menneske.

Orienten blei framstilt som ein negativ versjon av Vesten (eller Oksidenten), og dette passa inn med den vestlege politiske og økonomiske dominansen over regionen. Inspirert av den franske filosofen Michel Foucault mente Said at makt og kunnskap er tett bundne saman, og at ein representasjon av eit anna samfunn ikkje kan lausrivast frå maktrelasjonar. Han var også inspirert av den italienske filosofen Antonio Gramsci sitt hegemonibegrep i forklaringa si på korleis orientalismen kom til å gjennomsyra vestlege samfunn.

Dei sentrale trekka i denne konstruksjonen var ifølgje Said at samfunna i «Orienten» var statiske, despotiske og preget av manglande rasjonalitet. Orientalismen såg islam som hovudårsak til mangelen på utvikling, fordi han blei rekna for å fremja irrasjonell underkasting, memorering og skjebnetru. Det var også ein sterk tendens til historisisme - at eit samfunn eller eit sosialt fenomen kan forklara gjennom korleis dei oppstod.

Said fekk stor innverknad innan sosialantropologi, særleg blant amerikanske antropologar. Problematiseringa av samanhengen mellom representasjon, makt og kolonialisme blei tatt opp av antropologar, særleg i samanheng med Midtausten og India.

Orientalisme er eit sentralt omgrep i subaltern studies og postcolonial studies, som er prega av ei liknande problematisering av makt og representasjon. Den såkalla representasjonskrisa på midten av 1980-talet dreidde seg også om makt, etikk og representasjon.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]