Makt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
«Kvinnemakt». Tysk koparstikk frå 1400-talet.
«Flower power», 'blomemakt', var eit omgrep brukt på 1960-talet som ein reaksjon mot statleg og militær makt.

Makt viser til det å kunna få noko til å skje. Det kan knytast til det å bruka kraft eller vald, men også til heilt andre verkemiddel. I høve til samfunnet vil makt seia at ein kan utøva ei viss sosial påverknadskraft. Enkeltpersonar, samfunnsgrupper, institusjonar, organisasjonar og statar kan ha makt, eller oppleva maktesløyse.

Makt i samfunnet[endre | endre wikiteksten]

Vi seier at person A har makt over person B viss person A får person B til å gjere noko han elles ikkje ville ha gjort. Denne definisjonen som vi har etter statsvitaren Robert A. Dahl, føreset opne vedtaksprosessar der personane er medvitne om kva dei vil.

Sosiologen Max Weber har ein liknande definisjon av makt som «'eit eller fleire menneske sin sjanse til å setje gjennom sin eigen vilje i det sosiale samkvem, og det sjølv om andre deltakarar i det kollektive liv skulle gjere motstand'»[1] Weber prøvde likevel å få fram fleire nyansar i kva makt kunne vere. Weber brukte omgrepet herredøme for å karakterisere maktutøving utan vald. Herredøme er ein av dei mest utbreidde maktformene i samfunnslivet, meinte han, men framstår likevel som delt mellom to ulike ytterpolar:interessekonstellasjon på den eine sida og autoritet på den andre (men med mange blandingsformer). Interessekonstellasjon er utøving av herredøme på marknaden der personane gjer eit formelt sett fritt byte, men der ein eller nokre få aktørar har ein monopolsituasjon. Autoritet er, på si side, herredøme i kraft av mynde til å gje ordrar og plikt til å lyde. Personen som må lyde kan ikkje unndra seg plikta, men den som har autoritet må på ein eller annan måte kjennast legitim til dette av den undergjevne. Legitimitet er ein måte herredøme rettferdiggjer seg sjølv på og Weber meinte det var tre hovudtypar av legitimt herredøme: I kraft av lover, i kraft av trua på dei ordningar som finst frå gamalt av (tradisjon) og i kraft av tilknytinga til ein leiar og hans nådegåver (karisma).

At ein underordna person må kjenne si eiga underordning som legitim innfører her eit problem som går attende til Spinoza: Korleis har det seg at dei undertrykte ofte «forgyller lekkjene sine»? Filosofen Gilles Deleuze og psykoanalytikaren og aktivisten Félix Guattari hevda at vi ikkje berre kjenner vår eiga underordning som legitim, men at vi umedvite trår etter vår eiga undertrykking som om vi skulle ha gått i demonstrasjonstog og kravd «Mindre løn! Lengre arbeidstid!»

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «et eller flere menneskes sjanse til å sette gjennom sin egen vilje i det sosiale samkvem, og det selv om andre deltakere i det kollektive liv skulle gjøre motstand» (s.53 i Makt og byråkrati av Max Weber, ISBN 82-05-00776-4)
Spire Denne samfunnsartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.