Ornamentikk i musikk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Ornament i musikk)

Ornamentikk i musikk er musikalske utsmykkingar som ikkje er naudsynte for å bere fram den generelle melodien (eller harmonien), men i staden dekorerer eller «ornamenterer» tonane. Det finst ulike former for ornamentikk, nokre av dei med eigne namn: Dobbeltslag, forslag, mordent, praltrille og trille.[1]

Mange ornament vert framført som «raske tonar» rundt ein sentral tone. Kor mykje ornamentering som finst i eit musikkstykke kan variere stort. Ornament vart mykje nytta i barokken og i til tider har det nesten ikkje vore noko. Ordet agrément vert nytta om ei form for ornament i fransk barokkmusikk. Ein viktig funksjon av ornamenteringa i tidleg og barokk klavermusikk var ein måte å skape lenger sustain for ein tone på eit cembalo, klavikord eller virginal, slik at instrumenta kunne halde ein tone lenger på liknande måte som eit pipeorgel.

I barokken var det vanleg at utøvarane improviserte ornamenteringa på ei viss melodilinje. Ein songar framførte ein da capo aria, til dømes, og kunne synge melodien relativt fri for ornament første gongen, men dekorere han med forskjellige utsmykkingar andre gongen. Improvisert ornamentikk er framleis ein del av den irske musikktradisjonen.[2]

Ornemtenteringa kan òg vere indikert av komponisten. Mange standard ornament er indikerte med eit standardsymbol i musikknotasjonen, medan andre ornamenteringar kan verte gjevne til utøvarane som små notat, eller berre skriven ut med notar på vanleg måte. Ofte har ein komponist sitt eige sett med ornament, som vert forklart på førehand, som ein slags kode. Forsiring er ein note skriven med mindre skrift, med eller utan skråstrek gjennom, for å indikere at noteverdien ikkje tel som ein del av den totale tida i takten. Alternativt kan uttrykket referer meir generelt til alle slags smånotar som vert nytta til å lage ei form for ornament.

Ekstremt døme på ornamentatikk som fioritura i Chopin sin Nocturne i Diss-dur, Op. 27, No. 2.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «O | MUSIKKORDBOKEN», www.musikkordboken.no, henta 26. desember 2023 
  2. Ó Canainn, Tomás (1993). Traditional Music in Ireland. Cork: Ossian Publications Ltd. ISBN 0-946005-73-7. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Ornamentikk i musikk

 «Appoggiatura». Encyclopædia Britannica (11. utg.). 1911.