Kosakkar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Måleriet Zaporog-kosakkane sitt brev til den tyrkiske sultanen Mehmed IV av Ilja Repin.

Kosakkar (polsk Kozak, fleirtal Kozacy, russisk казак kazak, fleirtal казаки kazaki, ukrainsk козак kozak, fleirtal козаки kozaky) syner til ei folkegruppe som held til i Polen, Ukraina og i det sørvestlegelege Russland på grensa mot Kaukasus.

Den fyrste skriftlege kjelda som nemner kosakkane er dokumentet Codex Cumanicus, som ein trur vart skriven i perioden 1292 til 1295 (den eldste kjende kopien stammar frå 1303). Det finst fleire grupper kosakkar og opphavet deira er ikkje heilt klart. Dei kan vera av tartarisk avstamming, men det har òg vore spekulert i om dei har teke opp i seg skikkar frå mongolane som koloniserte Sentralasia og store område som no høyrer til Russland og Ukraina. Dei levde tidlegare i sjølvstendige samfunn med eit lagt på veg desentralisert demokratisk styresett. Dei var eit krigarfolk som i stort mon veg livnærte seg med plyndring.

Dei levde i områda rundt dei store elvene Volga, Dnepr og Donau og heilt vest til delar av Ukraina og Polen. Kosakk kjem frå tyrkisk og tyder «eventyrar», noko som truleg heng saman med at dei levde eit fritt og omflakkkande liv.

1500-talet gjekk dei over til Den russisk-ortodokse kyrkja og tok til seg delar av russisk kultur. Kosakkane var tospråklege og tala både tartarisk og russisk. Seinare gjekk dei i teneste hjå den russiske tsaren og spela ei avgjerande rolle i utvidinga av det russiske riket. Etter kvart mista dei meir og meir av sjølvstyret og gjekk over til til å leva av jordbruk og som leigesoldatar for tsaren. Medan mannfolka var i militærteneste tok kvinnene seg av arbeidet heime. Sjølv om kvinnene ikkje hadde formell makt var det dei som bestemte i heimen. Då han var ung var Leo Tolstoj soldat i Nord-Kaukasus, der han levde saman med kosakkane. Han har skildra livet til kosakkane i ein roman.[1]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Tolstoj, L., Казаки (Kosakkane), 1863.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]