Ortofoni

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Ortofoni er lydrett skrivemåte, det vil seia at skriftspråket i stor grad svarer til uttalen av eit språk. Ein motsvarande normeringsmåte er etymologisk skriftspråksnormering.

Fordelen med ortofon språksnormering er at det blir lettare for talarane av språket å lesa og skriva det. Ulempene er at det som regel finst mange ulike måtar å snakka eit språk på (hovudsakleg på grunn av dialektar), slik at det å finna ei sams ortofon skriftnorm er vanskeleg eller umogleg. Endringar i talemålet gjer også at skriftspråket anten må endrast ofte eller bli mindre ortofont med tida.

Den danske språkforskaren Rasmus Rask la fram ein ortofon tilnærmingsmåte til skriftspråksnormering der han meinte at tilhøvet mellom språklydar og bokstavar skulle vera ein til ein. Den norske læraren Knud Knudsen tok utgangspunkt i denne læra då han utvikla bokmålet ut frå talemålet til «de Dannede» i Noreg.[1]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. norsknettskole.no: Ordforklaringer
Spire Denne språkartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.