Os Turnforening

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Os Turnforening er eit idrettslag i Os kommune i Hordaland, stifta 1919, som er aktivt med i fotball, friidrett, handball og turn. Laget spelar i gule trøyer og svarte bukser.

Fotball[endre | endre wikiteksten]

Aktiviteten rundt Os Turn var stor på 1970-talet og mange deltok i dugnader. Det vart bygt nytt klubbhus, ny tribune og ein idrettshall vart planlags.

Os vann i 1973-sesongen Vestland Nord-avdelinga i dåverande 3. divisjon, og rykte opp i 2. divisjon etter kvalifiseringskampar mot Odda IL. Sesongen etter overraska laget stort og gjekk heilt til topps i A-avdelinga framfor Fredrikstad Fotballklubb og Bryne Fotballklubb, med Erik Just Olsen, Svein Gunnar Rein og Gunnar Moberg som dei førande spelarane.

Såleis spelte Os i 1975 i norsk 1. divisjon, saman med dei beste fotballaga i Noreg. Sesongen enda med seriegull til Viking FK framfor SK Brann, medan Os hamna på ein desidert sisteplass av dei tolv laga i serien. Laget måtte nøye seg med fem uavgjortkampar som best, ingen seriekamp bikka Os sin veg. Etter tre nye sesongar i 2. divisjon rykte Os ned til 3. divisjon etter 1978-sesongen.

Sidan 2011 har Os spelt på 4. nivå i norsk seriefotball.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]