Oscar IIs Samling

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 59°54′28.361″N 10°40′58.192″E

Gol stavkyrkje, Hovestua og stabburet rundt 1900/1905.

Oscar IIs Samling er ei samling bygningar på Norsk Folkemuseum i Oslo med Gol stavkyrkje som den mest kjende. Samlinga er oppkalla etter Oskar II og kom til etter ein idé av kammerherre Christian Holst i 1881. Ho opna året etter.[1]

I åra fram til 1890 vart det samla fem bygningar frå ulike stader i Noreg og plassert på Bygdøy Kongsgård.

Etter unionsoppløysinga i 1905 ga Oskar II samlinga til Den norske stat og i 1907 blei den innlema i Norsk Folkemuseum på nabotomta.

I tillegg til stavkyrkja inneheld samlinga Hovestua, Berdalsloftet, Rolstadloftet og Setabu.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Oscar IIs Samling frå Norsk Folkemuseum (Vitja 25. januar 2014)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]