Oslo-klasse

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
KNM «Narvik» ligg ved kai i Trondheim
KNM «Oslo» på øvelse ved nordlandskysten i 1971

Oslo-klassen er ein klasse av norske fregattar, nytta av Den Kongelege Norske Marinen.

Hovudoppgåva til Oslo-klassen er å beskytte sjøvegane langs kysten av Noreg. Viktig sjøtransport av personell og utstyr vert beskytta mot åtak frå undervassbåtar, overflateeiningar og fly. Skipa har eit mannskap på 125, og er utstyrt med SSM- og SAM-rakettar, kanonar, torpedoar, antiubåtrakettar og miner, i tillegg til ei rekkje mottiltaksvåpen.

Det vart opphavleg bygd fem fregattar av Oslo-klassen ved Marinens Hovedverft i Horten, og dette var ein del av flåteplanen frå 1960. Fregattane vart bygd i åra frå 1963 til 1966, men dei har blitt moderniserte fleire gongar. Fregattane vart døypte KNM «Oslo», KNM «Bergen», KNM «Stavanger», KNM «Trondheim» og KNM «Narvik». I dag seglar tre av fregattane, KNM «Bergen», KNM «Trondheim» og KNM «Narvik».

Oslo-klassen er no dei einaste fregattane og eskortefartøya i det norske Sjøforsvaret.

Oslo-klassen skal erstattast av Fridtjof Nansen-klassen, og skal overlappe med desse frå 2005. Siste Oslo-klasse vil truleg segle fram til 2009.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]