Boksing

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Ricardo Dominguez (til venstre) boksar mot Rafael Ortiz.

Boksing er ein kampsport som blir utøvt mellom to individuelle motstandarar. Utøvarane brukar berre never polstra med hanskar til sjølve kampen. Bryteknep og beinbruk er ikkje tillatne. Innan boksing fines det ei rekkje ulike støyt og kombinasjonar av støyt. Kampen føregår i ein kvadratisk ring som vanlegvis måler 6 x 6 meter. Ringen har polstra hjørnestolpar, og mellom desse er det spent 3 strama tau. Golvet i ringen skal vera av plankar med eit mjukt seglduksteppe. Boksing har vore OL-grein sidan 1904.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Freske som viser to barneboksarar. Freska er i Arkeologisk museum i Aten.

Boksing er ein av dei eldste og best dokumenterte idrettane i verda. Den tidlegaste førekomsten av dokumentasjon ein kjenner stammar frå hòlemåleri i Etiopia og er datert til ca. år 8000 f. Kr. Ein kjenner til at egyptiske soldatar blei opplærte i boksing så tidleg som 4500 f. Kr. Frå Egypt spreidde interessa for sporten seg til Italia og Hellas, der han vart ein del av gresk mytologi, første gong skildra med ord i Iliaden, og austover mot Mesopotamia (dagens Bagdad i Irak). I 688 f. Kr. var ein nevekjempar som heitte Onomastos den fyrste som vann bokseleikane i den 23. olympiaden. Boksing heldt fram med å utvikla seg, og utøvarane utvikla metodar og utstyr for vern. Grekarar verna hendene sine med såkalla «himantes» som bestod av reimer av oksehud som ein surra rundt nevane. Romarane introduserte sin eigen «caestus», som var lêrreimer med småsteinar og skarpe gjenstandar sydd inn. «Caestus» blei seinare brukt som våpen og vern i romerske gladiatorkampar. Då Vestromarriket fall på 400-talet forsvann boksesporten slik han var blitt kjend.

Gjenoppvekkinga av boksing[endre | endre wikiteksten]

Tom Molineaux (til venstre) mot Tom Cribb i ein omkampm for tungvektstittelen i England i 1811

Boksing blei utført igjen i England på 1600-talet, og den tidlegaste kjende dokumentasjon frå ein nevekamp etter at Romarriket fallstammar frå ei engelsk avis i 1662. I januar 1681 trykte avisa Protestant Mercury sin første reportasje frå ein «Prizefight» – (nevekamp). Tidleg på 1700-talet var boksing igjen blei ein kjend og praktisert fritidssyssel, og i 1719 starta engelskmannen James Figg, ein skule i London som underviste i «fencing, singlestick and boxing». Boksing var no blitt ein så populær folkesport at kong Georg I i 1720-åra gav ordre om at det skulle setjast opp ein boksering i Hyde Park til bruk for publikum. I 1743 introduserte protegéen til Figg, Jack Broughton, det fyrste regelsettet for sporten, London Prize Ring rules. Dette regelsettet var gjeldande fram til 1867markien av Queensberry introduserte det som i dag er kjent som Queensberry-reglane, og desse er framleis gjeldande i dag med nokre modifiseringar. London Prize Ring Rules og Queensberry-reglane overlappa kvarandre fram til 1890-talet.

Nyare tid[endre | endre wikiteksten]

Olanda Anderson i raudt møter Rudolf Kraj under OL i 2000

I dag er boksing delt inn i amatørboksing og proffboksing. Då amatørboksing blei introdusert for fyrste gong i 1866 var amatørboksing rekna som ei førebuinga til ein karriere som såkalla pugilist eller prizefighter, Queensberry-reglene var gjeldande og den einaste verkelege skilnaden var at amtørboksarar verna henda sine med såkalla «mufflers», primitive boksehanskar. Gradvis har amatørboksing distansert seg frå proffvarianten, og spesielt sidan introduskjonen av hodebeskyttelsen i 1984 har skilnadene teke av. Proffboksing er lovleg i Noreg. Det har 17 vektklasser uavhengig av kjønn.

Det finst mange ulike bokseorganisasjoner som IBO, IBF, WBC, WBA og WBO.

Norges Bokseforbund[1] organiserer all amatørboksing I Noreg, og er tilknytt AIBA.[2] Forbundet er med på å avgjera om kva for norske boksarar eventuelt kan delta i dei olympiske leikene.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Norges Bokseforbund». Norsk Bokseforbund. Arkivert frå originalen 2017-03-03. Henta 03.03.2017. 
  2. «International Boxing Association (AIBA)». International Boxing Association (AIBA). Henta 03.03.2017.