Ossian Sars naturreservat

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Frå Ossian Sars naturreservat
Plasseringa av naturreservatet på Spitsbergen

Ossian Sars naturreservat er eit naturreservat oppretta ved forskrift av 26. september 2003 i medhald av Lov om miljøvern på Svalbard. Ossian Sars naturreservat omfattar heile Ossian Sarsfjellet, avgrensa av strandlinja mot Kongsfjorden i vest og armar av Kongsbreen i nord, aust og sør. Området ligg nordvest på Spitsbergen aust for Ny-Ålesund.

Naturreservatet utgjer ca. 11,4 km² landareal av gardsnummer 1 på Svalbard.

Formålet med fredningen er å ta vare på eit nær uberørt naturområde, Ossian Sarsfjellet, med frodig vegetasjon og med fleire sjeldne og kravfulle planteartar, og sikre området som eit område med vitskapeleg verdi. Naturreservatet er oppkalla etter Georg Ossian Sars.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kart