Ostekake

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Bakt ostekake dandert med blåbær og bringebær.

Ostekake er ein søt matrett eller ei kake som vert laga av mjuk ferskost (som kesam, kremost eller ricotta), egg, sukker og eventuelt mjøl. Ho kan ha ein botn ein baker eller lager av kjekssmular. Sjølve kaka kan også bakast eller berre late stivna, som regel i eit kjøleskap. Ein kan gje ostekaker ulike smakar, som bær, sitrusfrukt, sjokolade, graskar eller toffee og ed pynta med frukt, krem, nøtter og anna.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Ein kjenner til eit slag ostekake frå romersk antikk. Slike kaker laga av rømme og kesam er skildra av Cato den eldre, som omtaler tre typar: libum, savillum og placenta.[1] Av desse tre likner placenta mest på moderne ostekaker, siden ho har ei skorpe som blir baka for seg.[2]

Ulike variantar[endre | endre wikiteksten]

Det finst fleire ulike variantar av ostekake, gjerne frå ulike geografiske område. Ostekaker frå Tyskland og Sveits blir gjerne laga på ein bakt botn (som sukkerbrød), medan ein i amerikansk tradisjon gjerne bruker smuldra kjeks til botn.[3] Det finst også ostekaker utan botn, som den korsikanske typen fiadone.

Den svenske varianten av ostekake er kjend som ostkaka, og blir laga ved å tilsetje osteløype til mjølk før ein blandar inn andre ingrediensar og steiker kaka i omnen. Det finst variantar av kaka frå Hälsingland og Småland.[4]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Cato's 'De Agricultura': Recipes». www.novaroma.org. Henta 12. oktober 2008. 
  2. «A Bit of Food History: Cheesecake» (PDF). www.culinaryschools.com. Henta 12. oktober 2008. 
  3. «Emma's Käsekuchen (German Cheesecake)». www.kitchenproject.com. 
  4. «Hälsingeostkaka med saffran» (på svensk). ICA. januar 2002. Arkivert frå originalen 13. desember 2009. Henta 24. juni 2010. 
Spire Denne matartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.