Osterøens Dampskibsselskab

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Osterøens Dampskibsselskab er eit tidlegare transportselskap, som hadde hovudsete på Osterøy. Bygdefolket rundt Osterøy var ikkje nøgd med dei selskapa som trafikkerte fjordane. Ikkje kunne dei stola på at dei kom, og båtane la berre inn til dei største plassane. Denne misnøya førte til at bygdefolket i Osterfjorden skipa sitt eige damskipsselskap i 1879, som vart kalla "Osterøens Dampskibsselskab". Året etter fekk dei båten som dei døypte "DS Osterøen" . I 1891 slo dei seg saman med "Ole Bulls Dampskibsselskab" og danna "Indre Nordhordlands Dampskibsselskab", som seinare vart til "Indre Norhordland Dampbåtlag" (INDL).