Osterøy

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sjå òg Osterøy kommune.
Osterøy
Haus på Osterøy
Haus på Osterøy
Geografi
Stad Nordhordland
Koordinatar 60°32′N 05°34′EKoordinatar: 60°32′N 05°34′E

Areal 328 km²

Høgaste punkt Høgafjellet (869 moh.)

Administrasjon
Land Noreg
Fylke Vestland
Største busetnad Valestrandfossen (1374 innb.)

Demografi
Folketal 8200 (2023)
Folketettleik 25 /km²

Osterøy er ei innlandsøy som ligg like nordaust for Bergen i Vestland. Øya er omringa av Osterfjorden i nord og vest, Sørfjorden i sør og Veafjorden i aust. Osterøy er den største av øyene i Noreg som ikkje vender direkte ut mot havet, og har eit totalt areal på 330,16 km².[1] Osterøy er delt mellom kommunane Osterøy og Vaksdal, der Vaksdal kommune dekkjer ein del nordaust på øya.

Det bur om lag 8200 menneske (2023) på Osterøy. Det høgste fjellet er Høgafjellet som strekkjer seg 870 moh., medan Brøknipa (822 moh.) er det nest høgste.

Kommunikasjon[endre | endre wikiteksten]

Fredag 3. oktober 1997 vart ein merkedag då den 1065 meter lange hengebrua, Osterøybrua, over Sørfjorden mellom Kvisti på øya og Herland på fastlandet vart opna av samferdsleminister Sissel Rønbeck. Men øya vart første gong landfast i 1985 då brua over Kallestadsundet i Vaksdal kommune stod ferdig. Dette brusambandet gagna berre innbyggjarar i Vaksdal kommune. I tillegg til desse to brusambanda finst ferjesamband mellom Valestrand og Breistein.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Fjell på Osterøy

Namn moh.
Høgafjellet 869m
Brøknipa / Bruviknipa 822m
Rispingen 742m
Kvamsfjellet 694m
Vedafjellet 673m
Såtefjellet 666m
Stangfjellet 640m
Stemmeseggi 572m
Vestrefjellet 559m
Tveitefjellet / Settnipa 556m
Hoklane 483m
Erstadfjellet 466m
Hæddena 462m
Raunelifjellet 458m
Rotten 438m
Iseggene 374m
Burkelandsfjellet 365m
Klubben 352m
Sørkletten 341m
Myrbærstøfjellet 318m
Verafjellet 314m
Orratuva 303m

Folketalsutvikling:

1900[2] 2000[3][4] 2023[3][4]
5551 ca. 7050 ca. 8200
Sentrale område av Osterøy sett frå Brøknipa

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «100 største øyene i Norge». kartverket.no. Kartverket. 4. juni 2014. Henta 13. februar 2016. 
  2. Folketeljing 1900, frå Digitalarkivet
  3. 3,0 3,1 Befolkning, etter grunnkrets, statistikkvariabel og år, frå Statistisk sentralbyrå
  4. 4,0 4,1 Befolkning og endringer, etter region, statistikkvariabel og år, frå Statistisk sentralbyrå