Oswald von Wolkenstein
Oswald von Wolkenstein | |
![]() Portrett frå Innsbrucker Handschrift, 1432 | |
Fødd | kring 1377 |
---|---|
Fødestad | Schöneck in Pustertal i Tirol |
Død | 2. august 1445 (68 år) |
Dødsstad | Merano i Italia |
Opphav | Gefürstete Grafschaft Tirol |
Sjanger | Mellomaldermusikk |
Verka som | Komponist |
Mor | Katharina von Villanders, Heiress of Trostburg |
Far | Friedrich von Wolkenstein |
Born | Oswald II von Wolkenstein |
Prisar | ridder av Ridderordenen av den hellige grav i Jerusalem |
Oswald von Wolkenstein (fødd 1376 eller 1377, truleg i Schöneck in Pustertal i Tirol, død 2. august 1445 i Merano i Italia) var ein tysk diktar, komponist, adelsmann og diplomat. Som diplomat reiste han mykje i Europa, mellom anna heilt til Georgia og vart innlemma i Drageordenen.
Som komponist skreiv han hovudsakleg monofoniske songar som omhandla riddarleg kjærleik. Han skreiv òg noko polyfonisk musikk seint i livet sitt. Han var involvert i ein strid om eit landområde med naboane sine og hamna i fengsel fleire gonger. Han skreiv likevel kjærleikssongar til døtrene til rivalen sine og minst ei kvinne til utanom kona si.[1]
Mange av songane til Oswald omhandla eigne opplevingar og hendingar, mellom anna songar om politikk, reiser, humor, drikking og bordell.[2] Seinare stykke var enkle polyfoniske stykke med religiøse tekstar.[1] Det vart samla kring 130 av stykka hans i tre manuskript.[2]
Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]
- Oswald von Wolkenstein-Gesellschaft Arkivert 2003-06-08 ved Wayback Machine.
- Tekstar Arkivert 2006-03-01 ved Wayback Machine.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Delar av denne artikkelen bygger på «Oswald von Wolkenstein» frå Wikipedia på engelsk, den 30. mars 2010.
Andre kjelder:
- ↑ 1,0 1,1 Uncle Dave Lewis. «Oswald von Wolkenstein». Allmusic. Henta 31. mars 2010.
- ↑ 2,0 2,1 «Oswald von Wolkenstein». Classical Composers Database. Henta 31. mars 2010.