Ottersøy

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Ottersøy er ein busetnad i Nærøysund kommune i Trøndelag, lengst sørvest på halvøya Kvingla. Staden hadde i 2001 om lag 250 innbyggjarar.

På Ottersøy er det ein liten nærbutikk og ein barneskule for 1-7 klasse. Her finst det ein stor tørrdokk som er eigd av Moen Slipp. Eit viktig føretak er Nærøysund Kraftbetong A/S.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

«Ottersøy» i Store norske leksikon, snl.no.