Nærøysund kommune

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Nærøysund kommune
kommune
Collage Nærøysund kommune.jpg
Kommunevåpen
Land Flag of Norway.svg Noreg
Fylke Trøndelag
Adm.senter Kolvereid og Rørvik
Areal 1 346,16 km²
 - land 1 287,28 km²
 - vatn 58,88 km²
Folketal 9 623 (1. januar 2020)
Målform Bokmål
Ordførar Amund Hellesø[1] (Ap)
Kommunenr. 5060

Nærøysund kommune
64°50′22″ N 11°27′39″ E
NO 5060 Nærøysund.svg
Wikimedia Commons: Nærøysund

Nærøysund er ein kommune i Ytre Namdalen i Trøndelag fylke som blei oppretta den 1. januar 2020 ved då Vikna og Nærøy kommune blei slått saman.[2] Han har over 9 500 innbyggjarar. Kommuneadministrasjonen er delt mellom småbyene Rørvik og Kolvereid, som har 3 100 og 1 750 innbyggjarar kvar. Kolvereid er den minste byen i Noreg.

Nærøysund omfattar områda på begge sider av Indre Foldafjord og ut til Viknaøyene og det opne havstykket Folda. Hovudleia langs kysten går gjennom Nærøysundet, verna for havet. Den historiske handels- og kyrkjestaden på Nærøya har namn etter den norrøne havguden Njord.

Nærøysund er den største havbrukskommunen i Noreg, og ein stor fiskerikommune med sjømatføretak som til saman omset for over 6 milliardar kroner. Rørvik er den største fiskerihamna på Trøndelagskysten med 15 000 skipsanløp i året. Det finst reiarlag, leverandørindustri og faghandel for fiskeria og havbruket. Ytre Namdal videregående skole på Rørvik har fagtilbud innan blant anna fiske og sjøfart og ein maritim fagskole. Mange arbeidsplassar på Rørvik er også knytte til kunnskapsintensiv forretningsmessig tenesteyting. Jordbruket er ein viktig næringsveg i heile kommunen med den tredje største melkeproduksjonen i Trøndelag. Val videregående skole driv opplæring og oppdragsforsking innan jordbruk og havbruk.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]