Outside the Wall

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Outside the Wall
Song av Pink Floyd
frå albumet The Wall
Utgjeve 30. november 1979
Innspelt April-november 1979
Sjanger Kunstrock
Lengd 1:41
Selskap Harvest Records (UK), Columbia Records (US)/Capitol Records (US)
Låtskrivar(ar) Roger Waters
Produsent Bob Ezrin, David Gilmour, James Guthrie og Roger Waters

«Outside the Wall» er ein song av det britiske bandet Pink Floyd laga av Roger Waters. Songen vart gjeven ut på albumet The Wall i 1979.

Denne songen er meint som løysinga på albumet, og avslører det moralske eller sentrale poenget i historia. Historia sluttar med «The Trial», og fortel derfor ikkje kva som faktisk skjedde med Pink etter at den mentale muren hans vart rive ned.

Komposisjon[endre | endre wikiteksten]

Songen er ein av dei rolegaste på albumet, og om lag 15 sekund av songen kjem om att heilt i starten av albumet, og viser til det sykliske temaet på plata. Dei siste orda før songen endar er: «Isn’t this where...». Resten av setninga finn ein i det albumet byrjar med «In The Flesh?», og er «...we came in?»

Handling[endre | endre wikiteksten]

I motsetnad til resten av songane på albumet seier ikkje denne songen noko om kva som skjer med Pink. Han stadfester at muren no er øydelagd, og går vidare med at mange folk har sosiale barrierar, og at dette er eit gjentakande mønster; når ein person kjem tilbake til samfunnet vil ein annan person forlate det.

Filmversjon[endre | endre wikiteksten]

Ein lengre og meir omstendeleg versjon vart spelt inn for filmen, og er over fire minutt lang (medan originalversjonen er litt meir enn eitt og eit halvt minutt). Denne versjonen inneheld orkester og eit kor, og Waters syng med meir melodi enn på albumversjonen. Denne versjonen har aldri vore gjeve ut offisielt, men vart seinare brukt under rulleteksten for The Wall Live in Berlin.

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]