Kunstrock

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Kunstrock er ein undersjanger av rock som generelt reflekterer ein utfordrande eller avantgardistisk tilnærmingsmåte til rock, eller brukar modernistisk, eksperimentelle eller ukonvensjonelle element. Kunstrock aspirerer til å heve rock frå underhaldning til ei kunstnarisk melding,[7] og gå inn for eit meir eksperimentelt eller konseptuelt syn på musikk.[2] Sjangeren har trekk frå sjangrar som eksperimentell rock, avantgarde-musikk, klassisk musikk og jazz.

Musikken vart skapt med føremålet å lytte og tenkje i staden for å danse,[2] og skil seg ofte ut ved hjelp av elektroniske effektar med easy listening-teksturar langt bort frå dei drivande rytmane i tidleg rock.[7] Omgrepet vert stundom nytta om ein annan med «progressiv rock», men sistnemnde er i staden karakterisert av virtuositet på instrumenta og symfoniske teksturar.

Sjangeren var mest populær tidleg i 1970-åra gjennom britiske artistar. Musikken, og dei teatralske framføringane ofte knytte til sjangeren, appellerte til unge vaksne, særleg på grunn av virtuositeten og dei komplekse tekstane og musikken.[2] Kunstrock er ofte knytt til ein særskild periode i rocke, frå og med rundt 1966-1967 og fram til punken kom midt i 1970-åra.[8] Sidan vart sjangeren blanda inn i andre popsjangrar i 1970- til 1990-åra.[2]

Blant kunstrockartistar finn ein 10cc, Can, Devo, Electric Light Orchestra, Emerson, Lake & Palmer, Genesis, King Crimson, The Moody Blues, The Nice, Pink Floyd, Procol Harum, Queen, Roxy Music, Styx, David Bowie, Kate Bush, Captain Beefheart, Brian Eno, Lou Reed, Van der Graaf Generator, The Velvet Underground og Yes.

Seinare kom band som Alt-J, Animal Collective, Florence and the Machine, Franz Ferdinand, Fugazi, Muse, Pere Ubu, Radiohead, Simple Minds, Talking Heads, Television, Ultravox, Wilco og XTC.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. O'Brien, Lucy M. «psykedelisk rock». Encyclopædia Britannica. Henta 3. desember 2016. 
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 2,4 «Art Rock». Encyclopædia Britannica. Henta 15. desember 2011.
  3. «Art-Rock». Merriam Webster. Henta 15. desember 2011.
  4. Anon (n.d.). «Kraut Rock». AllMusic. Henta 25. januar 2017. 
  5. Hegarty & Halliwell 2011, s. 224.
  6. Reynolds 2005, s. 4.
  7. 7,0 7,1 Campbell 2012, s. 393.
  8. Jones 2008, s. 49.