Overvekt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Overvekt
Obesity-waist circumference.PNG
Silhuettar med omkrinsar rundt midja som illustrerer normal, overvektig og sjukleg overvektig tilstand.
Klassifikasjonar og ressursar
ICD-9-kode: 278
ICD-10-kode: E66
OMIM 601665
DiseasesDB 19942
MedlinePlus 003101
eMedicine med/1653
MeSH C23.888.144.699.500

Overvekt er ein tilstand der kroppen har for store energilager i form av feittvev. Den lagra energien er lik skiljet mellom inntak av energi og det samla energiforbruket til individet. Dei siste tiåra har ein sett ei monaleg auke av overvekt i industriland, noko som kan koma av endra livsstils- og kosthaldsvaner.

Overvekt aukar risikoen for ei rekkje sjukdommar som diabetes type 2, høgt blodtrykk, angina pectoris, hjarteinfarkt, hjerneslag, gallestein og kreft i tjukktarmen. I tillegg aukar faren for sjukdommar i skjelettet, musklane og ledda som fylgje av unaturleg høg tyngd på lekamen. Overvektige personar lir ofte av psykiske problem, som depresjonar, og kan også oftare bli plaga av sjukleg snorking. Dei alvorlege komplikasjonane som fylgjer av overvekt gjer det viktig å finna verksame former for læking.

Erfaringar har vist av vektreduksjon sjeldan lukkast dersom fysisk aktivitet ikkje går inn i opplegget for behandlinga. Fysisk aktivitet vil ofte redusera trongen for feit mat, slik at det blir lettare å leggja om kosthaldet til å ha meir karbohydrat og grønsaker. Ved sida av aktivitetar som stimulerer kondisjon, kan gruppebehandling hjå psykolog vera til hjelp for mange. Ein kjenner ikkje til medikamentell behandling som fører til varig vektreduksjon.

Klassifisering[endre | endre wikiteksten]

KMI Definisjon
< 18.5 Undervekt
18.5–24.9 Normal vekt
25.0–29.9 Overvekt
30.0–34.9 Sjukleg overvekt grad I
35.0–39.9 Sjukleg overvekt grad II
≥ 40.0   Sjukleg overvekt grad III  

For å vurdera graden av overvekt kan ein rekna ut kroppsmasseindeks (KMI eller BMI). Denne er definert som ein brøk der teljar er vekt i kg, og nemnar er høgda oppgitt i meter i 2. potens (kg/m2). Systemet vart skapt på 1900-talet av den belgiske statistikaren Adolphe Quetelet for å rekna ut under- og overvekt.

KMI på over 25 blir sett på av det amerikanske kreftforskningsinstituttet som overvekt. Ein BMI på over 30 blir sett på som feitleik grad I, og ved 40 har ein ei ny grense - feitleik grad III. KMI på mellom 18,5 og 25 reknar ein som det ideelle helsemålet, mens ein person med BMI på under 20 blir av mange andre kjelder rekna for å vera undervektig. I Noreg i dag er personar med ein KMI på over 40 definert som kronisk sjuke. Desse personane har då krav på hjelp til behandling frå det offentlege via fastlegen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]