Oxelösund

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 58°40′00″N 17°07′00″E

Oxelösund

Oxelösund er ein svensk by og administrasjonsstad i Oxelösunds kommune i Södermanlands län i landskapet Södermanland, 13 km søraust for Nyköping. I 2006 hadde staden 10 840 innbyggjarar.

Oxelösund fekk jernbane 1876 og blei samstundes utskipingshamn for jernmalm frå Grängesbergbolaget. I 1950 fekk Oxelösund bystatus og er med det ein av dei yngste byane i Sverige. Byen har ei kjend hamn som kan tene havgåande skip med nærare 100 000 tonn lasteevne. Hamna er djup og praktisk talt isfri. Av dei varene som passerer hamna, kan nemnast jernmalm og olje.

Forutan den offentlege tenesteytinga er aktivitetane tilknytt hamna viktigaste næringsveg.

Søraust for Oxelösund ligg kystartillerianlegget Femörefortet (eller Femöre fort) som er nedsprengt i fjellet på halvøya Femöre.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]