Pål Kårbø

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Pål Kårbø
Pål Kårbø (cropped).jpg
Fødd27. mai 1973
NasjonalitetNoreg
PartiKristeleg Folkeparti
Yrkepolitikar
Utdanna vedNorges handelshøyskole

Pål Kårbø (fødd 25. mai 1973) er ein norsk politikar frå Kristeleg Folkeparti (KrF). Kårbø er i valperioden 2015-19 fylkesvaraordførar i Hordaland.

I perioden 2001-2005 var Kårbø 1. vararepresentant til Stortinget frå Hordaland. I perioden 2007-11 var Pål Kårbø gruppeleiar for KrF si fylkestingsgruppe i Hordaland og gruppeleiar for KrF si kommunestyregruppe i Meland. Frå 2011-15 var han representant for KrF i fylkestinget i Hordaland. I februar 2012 blei han også valt til fylkesleiar for Hordaland KrF.

Pål Kårbø er utdanna siviløkonom frå NHH.