Pabaigh Mòr

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Pabaigh Mòr
Geografi
Pabaigh Mòr is located in
Stad Atlanterhavet
Koordinatar 58°14′ N 6°56′ WKoordinatar: 58°14′ N 6°56′ W
Øygruppe Ytre Hebridane

Areal 1,01 km²

Høgaste punkt Beinn Mhòr (68 moh.)

Administrasjon
Land Skottland
Region Ytre Hebridane

Demografi
Folketal 0

Pabay Mòr eller Pabaigh Mòr er ei folketom øy i Ytre Hebridane i Skottland.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Gammal hummarfangstplass

Øynamnet kjem frå papey, eit norrønt namn som tyder «paparøya», papar var namnet på ei gruppe irske og skotske munkar. Ruinane av ei St. Peterskyrkje og ein gravplass ligg søraust på øya rundt Loch na Teampall («tempelsjøen») og søraust for denne fjorden ligg Cnoc na Cille («munkecelleåsen»).

Øya var knytt til MacLeod-klanen gjennom det meste av historia.[1]

Sersjant Evander MacIver fekk øya som pensjonsgåve frå Seaforth Regiment i 1800, men 27 år seinare vart familien hans offer for Highland clearances og etterkomarane hans flytte til Lewis. Det vert sagt at grunnleggaren av reiarlaget Cunard Line slekta til denne familien.[1]

Den noverande eigaren har restaurert eit par svarthus på øya, men ho har ikkje fast busetnad.

Geografi og geologi[endre | endre wikiteksten]

Pabaigh Mòr ligg vest for Lewis i West Loch Roag, nord for Vacsay. Øya består av lewisgneis med eit lett jordsmonn. Her finst mange grotter og naturlege bogar. I nord ligg øya Pabay Beag.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 Haswell-Smith, Hamish (2004). The Scottish Islands. Edinburgh: Canongate. ISBN 1-84195-454-3.