Pachelbels kanon
PWC 37, T. 337, PC 358 Kanon av Johann Pachelbel | |||
Periode | Barokken | ||
---|---|---|---|
Komponert | 1680 | ||
Publiseringsdato | 1919 | ||
Typisk lengd | 5:57 | ||
Toneart | D-dur |
Pachelbels kanon, òg kjent som Kanon i D-dur, eller det meir fullstendige namnet Kanon og gigue i D-dur for tre fiolinar og Basso Continuo er eit kjent musikkstykke av Johann Pachelbel, komponert i 1680-åra og er ein representant for barokken. Det er eit kammermusikk-stykke som opphavleg vart skriven for tre fiolinar og basso continuo, men er seinare òg arrangert for større oppsetjingar.
Analyse
[endre | endre wikiteksten]Musikkstykket er bygd over ein grunnleggende akkordprogresjon som vert repetert.
Historia til publiseringa
[endre | endre wikiteksten]Lenge var Pachelbel berre enno ein ein gong populær komponist som var gått i gløymeboka. Verket vart første gong publisert i 1919, men det var først då Rudolf Baumgartner og Lucerne Festival Strings valde å spele inn eit verk dei kalla Pachelbel's Canon for Erato i Frankrike i midten av 1960-åra at verket byrja å verte kjend Innspelinga vart ikkje rekna som god nok for utgjeving i USA, bortsett frå av Musical Heritage Society. Innspelinga vart ein bestseljar for MHS og vart høyrd av Robert Redford, som valde å nytte stykket i filmen sin Ordinary People (1980). Kort tid etter vart Pachelbels kanon eit av dei mest populære klassiske musikkstykka nokon gong.[1]. Etter Baumgartner si innspeling vart det gjort mange arrangementet av verket der det mellom anna vart moderert til det tredje av det opphavleg tempoet eller strykeseksjonen vart utvida med ein faktor på ti. Kanonen har vorte arrangert for blåsekvintett av the Canadian Brass, for fløyte av James Galway og for fløyte og stemme av Galway og Cleo Laine, for strykekvartett av George Rochberg, for strykekvartett som glans på «Earth Angel» av Hampton String Quartet, for synthesizer av Tomita som noko kalla «Canon of the Three Stars», samt hundrevis av andre arrangement for alle tenkelege instrument.
I popmusikk
[endre | endre wikiteksten]I dagens populærmusikk kan ein finne element frå denne komposisjonen i mange verk, mellom anna i desse:
- Rain and Tears (Aphrodite's Child)
- In The Garden (Bob James)
- Galway Races
- Streets of London (Ralph McTell)
- All together Now (The Farm)
- Go West (Village People (1979) / Pet Shop Boys (1993) / West End Girls (2006)
- Basket Case (Green Day)
- I Need Some Sleep (The Eels)
- You Can't Steal My Love (Mando Diao)
- Die Eine (Die Firma)
- Forever Young Alphaville
- Don't Look Back In Anger (Oasis)
- C U When U Get There (Coolio)
- Life Is Cool (Sweetbox)
- Variations on the Kanon by Johann Pachelbel (George Winston)
- Pachebel cha om (Oliver Shanti)
- Everytime (Britney Spears)
- On & On & On (Catch 22 (Band))
- Big City Life (Mattafix)
- The End Of The World (Skeeter Davis)
- K.I.K. III (Keiner ist kleiner) (WIZO)
- Don't sleep in the subway (Petula Clark)
- Volverte a Ver (Juanes)
- Welcome to the black parade (My Chemical Romance)
- O Caroline (Matching Mole)
- Julia (Ekseption)
- Drowning By Numbers (Michael Nyman)
- The Seven Angels (Avantasia)
- Wenn ein Mensch lebt (Puhdys)
- Spicks og Specks (Bee Gees)
- Collide (Howie Day)
- No ni saku hana no you ni (Piano Version) (Gackt)
- Prinzessin (Prinz Pi)
- Ladies og Gentlemen We Are Floating in Space (Spiritualized)
- Christmas Canon (Trans-Siberian Orchestra)
- Christmas Canon Rock (Trans-Siberian Orchestra)
- Graduation song, Vitamin C (Can)
- One Last Breath (Creed)
- 1995 Scatmans World (Scatman John)
- Canon rock (Jerry C)
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Delar av denne artikkelen bygger på «Pachelbels kanon» frå Wikipedia på bokmål, den 17. juli 2010.
Referansar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Canon in D major, instrumental arrangement på Allmusic av James Leonard. Henta 17. juli 2010.